Hjem
Studentsider
erasmus+

Università degli Studi di Pisa og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • ByPisa
  • Studieplassar2
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på masterprogrammet i kunsthistorie.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må òg ha gyldig studierett på masterprogrammet i kunsthistorie ved UiB i heile den perioden du er på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Det passar best å reise på utveksling i andre semester av masterprogrammet i kunsthistorie.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er italiensk og engelsk.

Dersom du ikkje har nok engelskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på i forkant av utvekslingsopphaldet.Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for meir informasjon om kva konkrete kurstilbod som finst, og eventuelt kva startdatoar som gjeld i komande semester.

Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av både vidare i studia, og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Università degli Studi di Pisa er eit offentleg universitet som blei grunnlagt i 1343. Det har 57 000 studentar og elleve fakultet. Dei fleste av universitetet sine bygningar ligg i bykjernen. Den årlege rotevlinga mot erkerivalen Universitetet i Pavia er den nest eldste i Europa, etter tevlinga Cambridge mot Oxford. Galileo Galilei er blant universitetet sine alumnar.

Pisa er ein by i regionen Toscana, og har om lag 90 000 innbyggarar. Det er ein historisk viktig handels- og sjøfartsby, som dominerte middelhavshandelen saman med Venezia fram til omkring 1300. Byen får kvart år besøk av over ein million turistar som blant anna vil sjå det skeive tårnet.

Bustad

Ein kan søke om studentbustad gjennom universitetet sitt internasjonale kontor eller leige bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Informasjon