Hjem
Utdanning
erasmus+

Technische Universität Hamburg-Harburg og Matematisk institutt (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByHamburg
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for bachelor- og masterstudentar. Studentar ved Matematisk institutt og lektorstudentar med matematikk som fag blir prioritert dersom det er fleire søkarar enn plassar.

Studentar skal ha tatt 60 studiepoeng før avreise.

Det er normalt eit krav om minst C i gjennomsnittskarakter.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar ved Matematisk institutt: Det er mogleg å reise på utveklsing i 4.,5. eller 6. semester av bachelorprogrammet.

Masterstudentar ved Matematisk institutt: Det er i utgangspunktet inga avgrensing for når i studieløpet du kan gjennomføre utveksling. Ta kontakt med studierettleiaren din dersom du er i tvil om når du bør reise.

Lektorstudentar: Ta kontakt med studierettleiaren din for informasjon og råd om utveksling. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Det er mogeleg å reise ut både i haust- og vårsemesteret.

Språk

Dei aller fleste emna har tysk som undervisningsspråk, men det finst òg eit avgrensa emnetilbod med engelsk som undervisningsspråk.Det krevst gode tyskkunnskapar for å følge undervisning på tysk.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Universitetet tilbyr språkkurs i tysk til internasjonale studentar. Meir informasjon om dette kurstilbodet finn du her: http://www.uni-hamburg.de/internationales/studieren-an-der-uhh/deutschkurse_e.html. Lånekassen har også eit eige stipend det går an å søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

På følgjande nettside finn du ei oversikt over universitetet sitt emnetilbod på tysk. Universitetet har òg eit avgrensa tal emne med engelsk som undervisningsspråk. Dersom du er usikker på om emnet er ope for utvekslingsstudentar kan du ta direkte kontakt med universitetet.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Informasjon