Hjem
Studentsider
bilateral

Zhejiang University og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandKina
  • ByHangzhou
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen gjeld for studentar på bachelorprogrammet i kinesisk, andre studentar med studierett ved UiB kan søke. Zhejiang set ikkje noko spesielt karakterkrav til opptak, anna enn "good academic record".

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng. Du må også ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i den perioden du er på utveksling.

Studentar med kinesisk statsborgarskap kan ikkje søke på avtalen.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i kinesisk: Det høver best å reise på utveksling i løpet av dei to siste semestera av bachelorprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar for å planlegge tidspunktet for utveksling.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studierettleiar på ditt program i kva semester du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er kinesisk, men universitetet tilbyr òg enkelte emne med engelsk undervisningsspråk. Skal du studere på engelsk må du ha gode engelskkunnskapar, noko som kan dokumenterast med eit brev frå UiB.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor humanistiske og samfunnsvitskapelege fag. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Studieavgift

Avtalen med Zheijiang University inneber gjensidig utveksling av 2 studenter i eitt til to semester kvart år, med fritak for studieavgift.

Studentar må også semesterregistrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er på utveksling.

Ved utveksling til Kina får ein eit ekstrastipend frå Lånekassen.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Zhejiang University er eitt av dei eldste og mest kjende universiteta i Kina. Røtene går tilbake til 1897 og grunnlegginga av Qiushiakademiet. I dag har universitetet om lag 45 000 studentar på lågare nivå.

Universitetet ligg i Hangzhou, som er hovudstaden i provinsen Zhejiang. Hangzhou ligg vakkert til ved innsjøen Xihu, 180 km sørvest for Shanghai, og sjølve byen har eit innbyggartal på om lag 2 millionar.

Bustad

Universitetet hjelper til med å finne bustad nær campus.

Semesterinndeling

September-slutten av januar og mars-juli

Informasjon