Hjem
Utdanning
erasmus+

Università per Stranieri di Perugia og Institutt for fremmedspråk (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • ByPerugia
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar på bachelor- og masterprogrammet i italiensk, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor humanistiske fag ved eit italiensk universitet. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling.

Studentar som går på enten bachelor- eller masterprogrammet i italiensk blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i italiensk: Det passar best å reise på utveksling i løpet av dei siste fire semestera av bachelorprogrammet.

Masterstudentar i italiensk: Det passar best å reise ut i 2. semester av masterprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er italiensk.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på i forkant. Sjå UiB.no for meir informasjon om språkkurs og språktandem. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for meir informasjon om kva konkrete kurstilbod som finst, og eventuelt kva startdatoar som gjeld i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor humanistiske fag. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universitetet blei stifta i 1921 av ein advokat som ønskte å gjere høgkultur tilgjengeleg for innbyggarane i heimbyen og heve kunnskapen om regionen Umbria, der Perugia ligg. I starten heldt dei til i bygningane til Universitá degli Studi di Perugia, men frå 1927 flytta dei til Palazzo Gallenga i sentrum av Perugia, der dei framleis held til. Dei har også fire andre bygningar i utanfor byen, men som er innanfor gangavstand frå Palazzo Gallenga.

I dag reknast universitetet som «open-minded» og ein møtestad for menneske frå ulike kulturar, og såleis ei ekte, fleirkulturell utdanningsinstitusjon. Dei underviser først og fremst i italiensk for utlendingar, men også fag tilknytt italiensk språk som kunst, litteratur og forretningsverksemd/business.

Perugia ligg mellom Roma og Firenze og er ein by full av historiske bygg, monument og museum. Byen er eit kulturelt senter og har blant anna fleire musikkfestivalar i tillegg til vinfestival og vitskapsfestival.

Bustad

Universitá per Stranieri di Perugia har studentbustadar og eit nettverk, City campus, som hjelper studentar å skaffe bustad.

Semesterinndeling

Oktober-januar og februar-juni.

Informasjon