Hjem
Utdanning
erasmus+

University of Lincoln og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • ByLincoln
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterstudiet i rettsvitskap som på tidspunkt for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap kan reise på utveksling i sitt femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår og kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha fullført fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. Studentar som har oppnådd karakteren 4 eller betre i engelsk frå videregående skule treng ikkje å avleggje TOEFL/IELTS-test.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Du kan velgje blant emne på bachelor (LLB)- og LLM-nivå. Opplysningar om rettsvitskaplege emne finn du på nettsida om bachelor (LLB) programmet og nettsida om LLM-programmet.

Vertsuniversitetet nyttar eiga creditsystemet. 1 credit point tilsvarar 0,5 studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Lincoln i England er ein by med om lag 94 000 innbyggarar. Lincoln er kåra til ein av Storbritannias 20 beste byar i 2016, mellom anna på grunn av middelaldersslottet og ein av dei finaste katedralane i Europa. Byen er og ein av dei rimelegaste byane i Storbritannia. Linoln ligg ein to timars togtur unna London og Nottingham.

Universitetet i Lincoln har om lag 16 000 studentar fordelt på fem fakultet. Fakulteta er spreidd rundt om i byen, men hovudområdet Brayford Pool Campus ligg midt i sentrum. Universitet er ifølge The Times og Sunday Times Universitet sin guide rangert på topp ti institusjonar for læringskvalitet. Universitetet har vunne ein pris for sin moderne campus og dei har etablert eit internasjonalt omdømme som ein forskingsdreven og nyskapande institusjon.

Bustad

Lincoln tilbyr studentbustadar på campusområdet og bustadar utanfor campus. Ein deler gjerne leilegheit med 5 - 8 studentar og enkelte rom er og utstyrt med eiget bad. Skulle ein ønske å bu utanfor campus, har Lincoln også samarbeid med fleire private utleigarar.

Semesterinndeling

September til januar og januar til mai

Informasjon