Hjem
Utdanning
bilateral

Universidade Estadual de Campinas og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandBrasil
  • ByCampinas
  • Studieplassar4
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen er i prinsippet open for alle UiB-studentar.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/fakultetet du studerer ved for informasjon om når det passar å reise ut på ditt studieprogram.

Studieåret følger kalenderåret. Første semester går frå februar til juli og andre semester frå august til desember.

Språk

Alle emne på lågare grad (Graduacao) blir undervist på portugisisk. På masternivå er det nokre få kurs på engelsk. UNICAMP tilbyr intensivt språkkurs under utveksling. Studentar utan forkunnskapar i portugisisk kan søke, men må vere innstilte på å jobbe mykje med språklæring før og under utveksling. Det finst også andre måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Avtalen opnar i utgangspunktet for uteksling i alle fag som studenten er kvalifisert for fagleg, men det er avgrensingar innan medisin, odontologi, sport; kunstfag og musikk. UNICAMP lar utvekslingsstudentar melde seg opp i maksimum 24 credits per semester.

Link til emnekatalog (lågare grad): http://www.dac.unicamp.br/portal/grad/catalogos/

Studieavgift

UNICAMP er eit offentleg universitet og det er ingen studieavgifter for studentar frå UiB.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universidade Estadual de Campinas (UNICAMP) er eit offentleg breiddeuniversitet med 35.000 studentar. Hovudcampus ligg i Barao Geraldo, 12 km unna sentrum av millionbyen Campinas. Det er ranka til å vere den nest beste universitetet i Latin-Amerika og konkurransen om å få opptak til studieprogramma er veldig stor. For eksempel var det 24.206 søkarar til 110 plassar på medisinstudiet, 2045 søkar til 45 plassar på studieretning biologi og 1508 til 30 plassar på kommunikasjon (2016).

Campinas er nest største byen i delstaten Sao Paulo, med litt over 1 million innbyggarar. Area Metropoliana har ca tre millionar. Byen ligg sør i landet, 140 km frå kysten, og vaks fram som resultat av kaffiproduksjonen i delstaten. Byen ligg 700 m.o.h. og klimaet er dermed ganske behageleg. Dei mest kjende fotballklubbane i Campinas er Ponte Preta (serie A) og Guaraní (serie B). Campinas ligg 70 km frå Sao Paulo og 500 km frå Rio de Janeiro (6 timar med buss).

Bustad

UNICAMP har ikkje tilbod om studentbustad, men det internasjonale kontoret kan hjelpe med å finne bustad i nærleiken av campus.

Semesterinndeling

Februar-juli og august-desember

Utsikt over by
Foto:
© Universidade Estadual de Campinas

Informasjon