Hjem

Utdanning

bilateral

Université de Genève og Det psykologiske fakultet (BILATERAL)

  • LandSveits
  • ByGenève
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Profesjonsstudentar i psykologi, og studentar på eit bachelor eller masterprogram ved Det psykologiske fakultet, som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor- og masterstudentar i psykologi reiser ut i den valfrie delen av sitt studieprogram, og profesjonsstudentar i psykologi kan reise ut i valsemesteret (5. semester) eller i 7. semester av profesjonsstudiet.

God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisningsspråket er fransk.

Språkkrav: B2

Dersom du ikkje har nok franskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise - sjå UiB.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffa språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Psykologi på lågere og høgare grad (BA/MA) avhengig av tilbod og krav om forkunnskapar.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

 

Masterstudentar: Du skal ta frie studiepoeng, og kan velje emne fritt på masternivå innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

 

Dersom du er profesjonsstudent i psykologi og vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande dei obligatoriske emna på 7. semester av profesjonsstudiet eller du kan reise ut i ditt valgsemester (5. semester) og ta valfrie studiepoeng. Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med internasjonal koordinator ved fakultetet.

Emnetilbodet på bachelornivå i psykologi ved universitetet er presentert her:

http://www.unige.ch/fapse/lesetudes/formations/baccalaureat/psycho-1/

Emnetilbodet på masternivå er presentert her:

http://www.unige.ch/fapse/lesetudes/formations/maitrises/psycho/

Emnetilbod på engelsk ved universitet:www.unige-exchange.ch/images/files/pdf/Programmes_taught_in_english_aout20152015.pdfwww.unige-exchange.ch/images/files/pdf/Programmes_taught_in_english_aout20152015.pdf

https://www.unige-exchange.ch/images/files/pdf/Programmes_taught_in_english_aout20152015.pdf

Studieavgift

Studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universitetet i Genève blei grunnlagt i 1559 og er med sine 16 500 studentar det nest største i Sveits. Det er eit breiddeuniversitet med tilbod innan dei fleste fagfelt, og har eit godt internasjonalt renommé grunna kvaliteten på både forsking og utdanning.

Geneve ligg i den sørvestlege delen av Sveits, ved Genfersjøen, i det som hovudsakleg er eit fransktalande område. Med sine om lag 190 000 innbyggarar er det den nest største byen i Sveits.

Bustad

The Accommodation Office kan hjelpe med å finne bustad. Det kan også vera mogleg å få bustad på campus.

Semesterinndeling

Haustsemester: august/september til februar
Vårsemester: februar til juni

Informasjon