Hjem
Utdanning
bilateral

Université de Genève og Institutt for pedagogikk (BILATERAL)

  • LandSveits
  • ByGenève
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på eit bachelorprogram i pedagogikk og spesialpedagikk ved Det psykologiske fakultet, som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i pedagogikk og spesialpedagogikk reiser ut i den valfrie delen av sitt studieprogram.

God planlegging er viktig for ei utbyterik utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er fransk.

Språkkrav: B2

Dersom du ikkje har nok franskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise - sjå UiB.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffa språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Pedagogikk på lågere grad (BA).

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Emnetilbodet ved dette universitetet er presentert her:

Bachelor of Education: http://www.unige.ch/fapse/lesetudes/formations/baccalaureat/sse-1/

Emnetilbod på engelsk ved universitetet er presentert her:www.unige-exchange.ch/images/files/pdf/Programmes_taught_in_english_aout20152015.pdfwww.unige-exchange.ch/images/files/pdf/Programmes_taught_in_english_aout20152015.pdf

https://www.unige-exchange.ch/images/files/pdf/Programmes_taught_in_english_aout20152015.pdf

Studieavgift

Studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universitetet i Genève blei grunnlagt i 1559 og er med sine 16 500 studentar det nest største i Sveits. Det er eit breiddeuniversitet med tilbod innan dei fleste fagfelt, og har eit godt internasjonalt renommé grunna kvaliteten på både forsking og utdanning.

Geneve ligg i den sørvestlege delen av Sveits, ved Genfersjøen, i det som hovudsakleg er eit fransktalande område. Med sine om lag 190 000 innbyggarar er det den nest største byen i Sveits.

Bustad

The Accommodation Office kan hjelpe med å finne bustad. Det kan også vera mogleg å få bustad på campus.

Semesterinndeling

Haustsemester: august/september til februar
Vårsemester: februar til juni

Informasjon