Hjem
Utdanning
bilateral

East China Normal University Shanghai og Det humanistiske fakultet (BILATERAL)

  • LandKina
  • ByShanghai
  • Studieplassar5
  • AvtaletypeBilateral

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar ved Det humanistiske fakultet, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor humanistiske fag. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling.

Studentar som går på bachelorprogrammet i kinesisk blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i kinesisk: Det passar best å reise på utveksling i løpet av dei siste to semestera av bachelorprogrammet. Ta kontakt med studierettleiar for å planlegge tidspunkt for utveksling.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er kinesisk, men universitetet tilbyr òg enkelte emne med engelsk undervisningsspråk.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på i forkant. Sjå uib.no for meir informasjon om språkkurs og språktandem. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for meir informasjon om kva konkrete kurstilbod som finst, og eventuelt kva startdatoar som gjeld i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Dersom du skal ta frie studiepoeng som del av bachelorgraden, kan du velje emne fritt innanfor faga som lysast ut for utvekslingsstudentar til ECNU. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Studieavgift

Avtalen med East China Normal University inneber gjensidig utveksling av 5 studentar i eitt til to semester kvart år, med fritak for studieavgift. Dersom fleire enn 5 studentar søkjer, vil dei få tilbod om studieplass med betaling av studieavgift.

Studentar må også semesterregistrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er på utveksling.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

East China Normal University (ECNU) i Shanghai blei etablert i 1951, like etter at Folkerepublikken Kina blei grunnlagt. Universitetet skårar høgt på rangeringssystemet for universitet i Kina og har eit særlig fokus på lærarutdanning.

Det er om lag 30 000 gradsstudentar og rundt 5000 internasjonale studentar ved ECNU. Universitetet ligg ved Liwa-elva og har to campus, eitt i Minhang-distriktet og eitt i Putuo-distriktet. ECNU er kjend for å ha eitt av dei vakraste campusane i Shanghai.

Bustad

Universitetet tilbyr bustadar for internasjonale studentar på campus. Det er òg mogeleg å finne bustad utanfor campusområdet. Universitetet bistår ikkje med å finne bustad utanfor campus.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juli.

Informasjon