Hjem
Studentsider
erasmus+

The 'Wladislaw Strzeminski' Academy of Fine Arts and Design, Lódz og Institutt for design (ERASMUS+)

  • LandPolen
  • ByLódz
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma i kunst og design. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar er det mogleg å reise på utveksling i 3., 4. eller 5. semester. For masterstudentar er 2. semester best eigna for utveksling. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

The 'Wladislaw Strzeminski' Academy of Fine Arts and Design i Lódz blei oppretta i 1945 som ein offentleg kunstskule. Skulen er oppkalla etter Wladislaw Strzeminski, som var ein av grunnleggjarane av akademiet. Universitetet har omlag 1200 studentar fordelt på 16 fakultet. The Strzeminski Academy of Art har eit breitt utval av kunstprogram, mellom anna innan mote- og smykkedesign visuell kommunikasjon, film, digital kunst og kunstteori.

Lódz er den tredje største byen i Polen med omlag 680 000 innbyggarar. Byen ligg i den sentrale Polen rundt 133 km frå Warszawa. Byen er hovudsenteret for tekstil- og filmindustri, og elektronikk- og underholdningsbransjen i Polen. Med sine universitet, teater, muséer og den verdskjente filmhøgskulen er Lódz også eit viktig akademisk og kulturelt senter.

Informasjon