Hjem
Utdanning
erasmus+icm

Universidad de La Habana og Det humanistiske fakultet (ERASMUS+ICM)

  • LandCuba
  • ByCiudad de La Habana
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeErasmus+icm
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar på bachelorprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor spansk språk, litteratur og kultur. Du skal ha tatt minimum 60 studiepoeng før avreise. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelorprogram ved UiB i heile perioden du er på utveksling.

Studentar på masterprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium blir prioritert i fall det er fleire søkarar enn plassar.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i spansk språk og latinamerikastudium passar best å reise på utveksling i løpet av dei siste fire semestera av bachelorprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng. Det er vanlegvis då det passar best å reise på utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er spansk.

Kva emne kan eg ta

Universitetet tilbyr eit godt utval av emne innan spansk språk og litteratur.

Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Studieavgift

Det er ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men studentane skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Informasjon