Hjem
Studentsider
erasmus+

Háskólinn í Reykjavík og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandIsland
  • ByReykjavik
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterstudiet i rettsvitskap som på tidspunkt for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

På masterstudiet i rettsvitskap kan du reise på utveksling på femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår. Du kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha avslutta fjerde studieår før utreise.

Språk

I tillegg til undervisning på islandsk har universitetet nok emne som blir undervist på engelsk til at du kan ta 30 ECTS undervist på engelsk kvart semester.

Kva emne kan eg ta

Ved Reykjaviks universitet kan du ta juridiske emne som vert godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap.

Oversikt over kva emne du kan ta ved Reykjaviks universitet finn du i kurskatalogen på universitetet sine nettsider. Reykjavik universitet nyttar ECTS-systemet, og ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Háskólinn í Reykjavík (Reykjavik University) er det største private universitetet på Island med meir enn 3500 studentar. Universitetet består av fire akademiske einingar; School of Law, School of Business, School of Computer Science og School of Science and Engineering. Háskólinn í Reykjavík har si opprinning frå Commercial College of Iceland, som vart grunnlagt i 1988. Det moderne campusbygget (frå 2010) ligg i Nathólsvik, ein av bydelane i Reykjavik.

Reykjavik er den største byen på Island, med i overkant av 130 000 innbyggarar. Den er eit populært turistmål og har både mykje kultur og storslått natur å by på. Byen ligg i den sørvestlege delen av Island er med plasseringa på 64 grader nord den nordlegaste hovudstaden i verda.

Bustad

Det finst ein studentheim på campus, men utover dette kan ein spørje International Exchange Office om råd i samband med å finne bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

Januar til juni og august til desember/januar.

Informasjon