Hjem
Utdanning
bilateral

Changchun University of Science and Technology og Det juridiske fakultet (BILATERAL)

  • LandKina
  • ByChangchun
  • Studieplassar4
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterstudiet i rettsvitskap som på tidspunkt for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 3. studieår. For å kvalifisera til studier ved Changchun University of Technology and Science må ein ha eit karaktersnitt på C eller betre.

Når i studiet kan eg reise

I Master i rettsvitskap-studiet kan du reise på utveksling på femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår. Du kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "kven kan søke" finn du informasjon om korvidt du må vere ferdig med fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket er kinesisk, slik at for å studere ved Changchun University og Technology and Science må du kunne kinesisk.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som vert godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Du vel blant kursa som dei kinesiske studentane tek som del av sin juridiske grad.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Studentar som reiser gjennom denne avtalen betaler ikkje skolepengar eller studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Changchun University of Technology and Science (CUST) vart grunnlagt i 1958 og har kring 20 000 studentar. Kvart år er det kring 300 internasjonale studentar ved universitetet.

Changchun er hovudstaden i Jilin-provinsen som ligg nordaust i Kina.

Bustad

Universitetet tilbyr bustad på campus.

Semesterinndeling

Frå september til januar og frå februar til juni.

Informasjon