Hjem

Utdanning

erasmus+

Medizinische Universität Wien og Det medisinske fakultet (ERASMUS+)

  • LandØsterrike
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld berre for medisinstudentar.

Tal på studieplassar i avtalen gjeld for eit heilt år. Vær obs på at tal på plassar kan variere frå år til år avhengig av kapasiteten ved vertsinstitusjonen.

Når i studiet kan eg reise

Medisinstudentar kan reise på utveksling til Medical University of Vienna i 7. eller 9. semester. Det er mogeleg å reise ut både i haustsemesteret og i vårsemesteret.

Haustsemesteret i Wien avsluttast normalt i midten av februar. For dei som tar MED7 på hausten, har vi ein egen ordning med stadfesting på deltaking og fritak frå eksamen. For dei som tar MED9 på hausten, er det mogleg å ta eksamen i Wien og komme tilbake til Bergen i februar, fordi ein har ein periode frå januar-mars som er satt av til elektiv periode og arbeid med hovudoppgåva.

Språk

Undervisningsspråket er tysk.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Følgande emne ved Medical University of Vienna kan godkjennast som tilsvarande spesifikke emne ved UiB:

  • Neurology, Psychiatry, Opthalmology/Otolaryngology

Gjennomført undervisning og bestått eksamen i desse emna, er vurdert som tilsvarande 7. semester (MED7) ved UiB, såframt du får to ukar ekstra klinisk praksis i psykiatri i Wien. Noko klinikk inngår også i Psykiatri-emnet.

  • Paediatrics, Gynaecology/Obstetrics

Gjennomført undervisning og bestått eksamen i desse emna, er vurdert som tilsvarande 9. semester (MED9) ved UiB, såframt at du får ekstra klinisk praksis i barne- og ungdomspsykiatri (1-2 ukar) og ekstra klinisk praksis i gynekologi/obstetrikk (1-2 ukar) i Wien. Du må bestå ein munnleg godkjenningssamtale i genetikk etter utanlandsopphaldet.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Medizinische Universität Wien blei etablert i 2004, men dei eksisterte før som eit eige fakultet under Universität Wien. Medizinische Universität Wien er eitt av dei største medisinske skulane i Europa, med omtrent 12 000 studentar, 69 avdelingar, 103 professorar på fulltid og over 1000 akademisk tilsette. Studentane brukar klinikkane på det moderne universitetssjukehuset ved hovudgata Währinger Gürtel.

Wien er hovudstad i Austerrike og har om lag 1,7 millionar innbyggarar. Byen er kjend for musikarane og komponistane sine, i tillegg til meir kulinariske kulturprodukt, som Wienerschnitzel, Sachertorte og Apfelstrudel. Eit anna nemneverdig fenomen er kaffihustradisjonen. Det første kaffihuset kom allereie i 1685, og Wiener Kaffeehaus blir stadig rekna som ein viktig del av byens identitet og kultur.

Bustad

Austrian Academic Exchange Service (OeAD) hjelper dei innreisande studentane med studentbustad. Sjå OeADs nettside.

Semesterinndeling

September til februar og februar til juli

studenter i undervisningssituasjon
Foto:
MUW

Informasjon