Hjem
Utdanning
erasmus+

University of Central Lancashire Cyprus og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandKypros
  • ByLarnaka
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterstudiet i rettsvitskap som på tidspunkt for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

I Master i rettsvitskap-studiet kan du reise på utveksling på femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår. Du kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "kven kan søke" finn du informasjon om korvidt du må vere ferdig med fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Dersom du utveksler i to semester kan du òg skrive ei oppgåve som kan godskrivast som masteroppgåva i mastergraden i rettsvitskap. Dette er vanlegvis ikkje mogleg ved utveksling innan Erasmusprogrammet, så høvet til å skriva oppgåve ved UC Lan Cyprus er ganske unikt.

Ved utveksling i både eitt og to semester kan ein velje mellom emna som vert tilbydde som del av LLM-graden, og frå «optional modules» i LLB-graden. Dersom ein utveksler i to semester kan ein i tillegg velje dei av LLB-emna som vert underviste gjennom heile året.

Ein må vere merksam på at LLM-emna vanlegvis har kveldsundervisning.

Dersom ein skal utveksle i to semester og dermed også skal skrive oppgåve som kan tilsvare masteroppgåva, gjer ein det ved å velje «the dissertation or project module», eller ved å velje «the student initiatied module» og skrive oppgåve som del av denne.

Lista over tilgjengelege kurs finn ein på desse sidene:

LLB og LLM.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

The University of Central Lancashire, Kypros (UCLan Cyprus), ligg i Pyla, Larnaka. UC Lan Cyprus er ein eigen campus under University of Central Lancashire i Preston, UK samstundes som det er akkreditert som eit sjølvstendig universitet av kypriotiske myndigheiter. UC Lan Cyprus oppfyller både kypriotiske og britiske akkrediteringsstandardar og ein kan dermed studera "på britisk vis" på Kypros. Avdelinga på Kypros vart etablert i 2012, og UC Lan Cyprus er dermed eit ungt universitet. Pyla, Larnaka ligg på den sydlege kysten av Kypros, ikkje langt frå Ayia Napa. Kypros kan by på nydelege strender og spanande arkeologiske stader. Her kan du kombinere studier etter modell frå Storbritannia med fritidsaktivitetar som symjing, surfing og snorkling i middelhavsklima.

Bustad

Universitetet tilbyr studentbustader. Informasjon om studentbustadene og korleis ein søker om bustad finn du på denne nettsida.

Semesterinndeling

Frå midten av september til midten av janaur, og frå midten av januar til slutten av mai.

Informasjon