Hjem
Studentsider
erasmus+

Hogeschool Zuyd og Institutt for design (ERASMUS+)

  • LandNederland
  • ByHeerlen
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogrammet i design. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar er det mogleg å reise på utveksling i 3., 4. eller 5. semester. For masterstudentar er 2. semester best eigna for utveksling. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Hogeschool Zuyd er eit internasjonalt universitet med omkring 14 000 studentar. Den geografiske plasseringa i Meuse-Rhine Euregion skaper eit godt grunnlag for dei internasjonale ambisjonane til universitetet. Universitetet tilbyr 33 forskjellige bachelorprogram og 12 masterprogram. Zuyd har base i Heerlen, Sittard og Maastricht, og Heerlen er størst med omkring 5700 studentar.

Heerlen er ein by i den sørlege delen av Nederland, i Limburg provinsen. Her bur omlag 88000 menneske. Heerlen har ei lang historie tilbake til den romerske erobringa, og ein kan finne mange gamle romerske gjenstandar og utgravingar. Midt i sentrum av byen finst restar av det best bevarte romerske badet i Nederland. Byen har i dag fleire regjeringskontor og ei mengd offentlege parkar og historiske attraksjonar.

Informasjon