Hjem
Utdanning
erasmus+

London South Bank University og Sosiologisk institutt (ERASMUS+)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • ByLondon
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar som går på studieprogram i sosiologi har fortrinn på plassane før studentar frå andre samfunnsvitskapelege fagområde. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling. Dersom det er fleire søkarar enn det er ledige plassar vil sosiologistudentar bli prioriterte.

Det er mogleg å søkja utveksling til LSBU for haust eller vårsemesteret.

Når i studiet kan eg reise

Normalt passar det best å reise ut for eit heilt eller eit halvt år mellom tredje og sjette semester av studiet. Sjå instituttet sine nettsider eller kontakt studierettleiar for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk.

Det er anbefalt at ein har engelskkunnskapar som svarar til B2-nivå etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse(CEFR). LSBU godkjenner 4 eller betre i engelsk fra VGS som tilstrekkeleg dokumentasjon på nivå i engelsk.

Kva emne kan eg ta

Ved School of Law and Social Sciences kan ein på lågare grad ta emne innan blant anna "Sociology", "Criminology", "History", "Politics" og "International Relations". Dei tilbyr og tverrfaglege studieprogram og tematisk dekker dei fleire felt som "equality, criminology, race, gender studies, politics, international relations, refugee studies, sustainability and international development."

LSBU passer særleg godt for sosiologistudentar, men også statsvitskaplege studentar kan finne aktuelle emne.

Ein fulltidsstudent skal ta 30 ECTS (60 credits) per semester. Kvart emne svarar vanlegvis til 10 ECTS slik at du skal ta tre emne per semester.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Informasjon