Hjem
Studentsider
erasmus+

Det Jyske Kunstakademi og Kunstakademiet ¿ Institutt for samtidskunst (ERASMUS+)

  • LandDanmark
  • ByÅrhus
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogrammet i kunst. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i kunst er det mogleg å reise på utveksling i 3. og/eller 4. semester. For masterstudentar er 2. semester best eigna for utveksling. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Jutland Academy of Fine Arts (Det Jyske Kunstakademi) ligg i Mejlgade i den danske byen Århus og har eksistert sidan 1959. Denne sjølvstendige institusjonen tilbyr ein statleg anerkjend, 5-årig høgare utdanning med fokus på dagens internasjonale samtidskunst. Aktivitetane her er retta mot skaping av eit kunstnarisk, utviklande og intellektuelt studiefellesskap. Utdanninga er basert på studentane sin individuelle praksis, der dei legg vekt på den kunstnariske prosessen for styrking av metode og refleksjon.

Århus ligg midt på Jyllands austkyst og er Danmarks nest største by med 325 000 innbyggarar. Byen er ein utprega studentby med rikt kulturliv, mange uteplassar, kaféar og scener. Namnet kjem av ei gamal genitivform av «å», og det ikkje lengre brukte ordet «os» som samanstilt tyder «elveutløp». Den same forma finst også i fleire andre bynamn, som Nidaros og Västeros.

Bustad

Det Jyske Kunstakademi har ingen eigne studentbustadar, men internasjonalt kontor ved lærestaden kan gje råd og rettleiing.

Semesterinndeling

september - januar

februar - juni

Studentrapportar

2021

Vår 2021 - BA kunst

Vår 2021 - BA kunst

01.02.2021 - 11.06.2021

Førebuingar/praktiske tips

Fremlejede værelset mit og fik opbevaret greiene mine. Altid godt at tjekke om skolen har en facebookside!

Undervisningsformer

Blanding af praktisk og teoretisk undervisning. Kritikklasse var en stor del af kunstuddannelsen ligesom teori og kunsthistorie

Fagleg utbyte og språk

Sprogmæssigt, var jeg i Danmark, så har talt mit modersprog

Universitetsområdet og byen

Byen er skikkelig studievenlig

Bustad

Jeg har boet et trygt sted som jeg fandt gennem elever på skolen

Sosialt miljø

Svært at starte under lockdown, men blev taget godt imod

Informasjon