Hjem
Utdanning
nordplus

Turku University of Applied Sciences og Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst (NORDPLUS - KUNO)

  • LandFinland
  • ByTurku
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeNordplus
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogrammet i kunst. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar er det mogleg å reise på utveksling i 3., 4. eller 5. semester. For masterstudentar er 2. semester best eigna for utveksling. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Det er ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men studentane skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute. Det er mogleg å søke stipend gjennom nettverket.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Turku University of Applied Sciences blei grunnlagt i 1992, og har i dag rundt 10 000 studentar. Det har sju fakultet og tilbyr forskingsbaserte yrkesutdanningar innan eit breitt spekter fagfelt. Universitetet har tre campusar. Den største ligg i Turku, kalla Åbo på svensk. Dei to andre ligg i Salo og Loimaa.

Åbo blei grunnlagd på 1200-talet og er Finlands eldste by. Han ligg sørvest i Finland og har om lag 180 000 innbyggarar. 5,5 prosent av dei er svenskspråklege. Åbo er Finlands offisielle juleby, og er elles kjend som vertskap for ein årleg middelaldermarknad og Skandinavias eldste rockefestival, Ruisrock. Salo er ein kystby med 55 000 innbyggarar som ligg mellom Åbo og Helsinki.

Bustad

Universitetet har ingen eigne studentbustader, og internasjonale studentar må ordne med dette sjølve. Det er gode sjansar for å få tildelt bustad gjennom The Student Village Foundation (TYS) dersom ein søker i god tid.

Semesterinndeling

August - desember og januar - mai.

Informasjon