Hjem
Utdanning
erasmus+icm

Birzeit University og Universitetet i Bergen (ERASMUS+ICM)

  • LandPalestina
  • ByBirzeit
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeErasmus+icm
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen passar best for studentar som alt har kunnskap og interesse for regionen. Undervisningsspråket er arabisk på bachelornivå og engelsk på masternivå (unntatt juss). Avtalen passar derfor best for masterstudentar. Avtalen er open for alle studentar på UiB, men fagtilbodet på BZU vil truleg gi størst utbytte for studentar på SV og HF-fakulteta.

Når i studiet kan eg reise

Studiet passar best for studentar på masternivå.

Språk

Undervisningsspråket på BZU er arabisk på bachelornivå og i hovudsak engelsk på masternivå (unntatt juss).

Kva emne kan eg ta

BZU har laga eit eige program for innreisande utvekslingsstudentar. Det heiter PAS (Palestine and Arabic Studies Programme). PAS-emnene kostar mellom 600 og 700 USD, men erasmusstudentar kan ta 1 PAS emne utan å betale studieavgift. Elles har BZU ei lang rekke masterprogram innan humaniora, samfunnsfag realfag og økonomi.

Studieavgift

All utveksling gjennom erasmusavtalen er fritatt for studieavgifter

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Bir Zeit University (BZU) vart oppretta i 1975, men har eksistert som lærestad sidan 1924. Universitetet er rekna for å vere det leiande palestinske universitetet og har rundt 10.000 studentar. BZU har 8 fakultet som tilbyr 47 bachelor- og 26 masterprogram. Undervisningsspråk er i hovudsak engelsk på masternivå. BZU er nært knytt til det palestinske samfunnet og er styrt av ein stiftelse med uavhengige akademikarar. BZU har mange avtalepartnarar i Erasmus+ ICM.

BZU ligg rett utanfor Ramallah på Vestbreidda i Palestina. Tryggingssituasjonen er til vanleg god på Vestbreidda, men på store deler av Vestbreidda er forholdet mellom palestinarar og israelske styresmakter og busettarar svært spent. Det kan også førekome aksjonar gjennomført av den israelske hæren.

Bustad

BZU vil hjelpe til med å finne bustad.

Semesterinndeling

Generelt får innreisande erasmusstudentar til Palestina berre turistvisum på tre månader og ikkje studentvisum. BZU har derfor organisert ein utvekslingsperiode frå ca 1. september til 30.november og ca 1. februar til 31. april.

Informasjon