Hjem
Studentsider
erasmus+uk

University of St Andrews og Institutt for geografi (ERASMUS+UK)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • BySt Andrews
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+uk
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen gjeld kun for studentar på bachelorprogram i geografi. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. For bachelorstudentar i geografi tilrår vi utveksling i 4. og/eller 5. semester, når du san ta frie studiepoeng.

Kva emne kan eg ta

Du studerer ved School of Geography & Sustainable Development, som spesialiserer seg på desse områda i forskinga:

  • Geographies of Sustainability, Society, Inequalities & Possibilities
  • Population and Health
  • Environmental Change
  • Environmental Economics and Environmental Policy

Som utvekslingsstudent ved St. Andrews på denne avtalen kan ta emne frå:

  • Bachelor of Science (Honours) Geography
  • Bachelor of Science (Honours) Sustainable Development

Du kan studere alle som ikkje overlappar med emne du har/skal ta ved UiB på 2000-, 3000- og 4000-nivå.

Studieavgift

Studentar som reiser på Erasmus-avtalar til Storbritannia får ikkje Erasmus-stipend på grunn av Brexit (Storbritannia er ikkje lenger med som programland i Erasmus-programmet), men treng ikkje betale studieavgift ved vertsuniversitetet. Alle utvekslingsstudentar skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of St. Andrews er Skottlands eldste universitet og det tredje eldste i den engelskspråklege verda, grunnlagd i 1413. Universitetet ligg i sentrum av byen St. Andrews, på den skotske austkysten, og har i dag om lag 9000 studentar. University of st. Andrews har studentar frå 137 ulike land, og det er mange studentforeiningar og idrettslag å velje mellom.

Byen St. Andrews er ein kystby med rundt 18 000 innbyggarar, og ligg på den skotske austkysten mellom Edinburgh og Dundee.

Bustad

Ein kan søke om studentbustad på campus.

Semesterinndeling

September-desember og januar-mai.

Studentrapportar

2023

Vår 2023 - Bachelor i geografi

Vår 2023 - Bachelor i geografi

15.01.2023 - 15.06.2023

Førebuingar/praktiske tips

Det er lurt å byrje litt tidleg med førebuingar, men ein får også ein del mail og hjelp frå St Andrews til å huske på ting. Eg anbefaler å halde kontroll på den informasjonen dei (og Erasmus UiB) sender og merke seg datoar, då alt det viktigaste kjem her. Noko skal ein gjere på førehand (som Online Matriculation, der ein fyller ut informasjon og gjennomgår ulike modular med informasjon om studiekvardagen), anna skal ein gjere når ein kjem der. Om det er noko ein lurar på er det berre å sende mail, dei svarar som regel veldig raskt og er veldig hjelpsame. Om ein ønskjer å bu i ein Student Hall er dette også noko ein burde prøve å vera rask med for å sikre seg ein plass.

Å sjå på fagtilbod tidleg kan vera ein god ide sidan ein må legge til ønskjer i Learning Agreement, som skal sendast inn relativt tidleg. Ein kan lese om dei ulike emna og timeplanane på nettsidene til universitetet, men ein kan også endre på fag seinare.

Undervisningsformer

I tillegg til vanlege førelesingar er det ein del aktiv og praktisk læring. Det er som regel nokre practicals og/eller tutorials, eventuelt lab og felt (som regel gratis) alt etter kva fag ein tek. Der får ein som regel god hjelp og jobbar i mindre grupper. Det kan ofte vera ulike vurderingar (med eller utan karakter) knytt til dette, som framføringar eller rapportar. Det varierer ein del kor "travelt" det er, etter om ein tek sub honours (1000 og 2000-nivå) eller honours (3000 og opp). Honours er meir sjølvstendig, medan sub har meir oppmøte og gruppearbeid.

Eksamensformer og vurderingar varierer veldig etter kva fag ein tek. Eg hadde fire innleveringar i det eine faget mitt, og to innleveringar og ein eksamen i det andre. Andre eg snakka med hadde kanskje berre ein innlevering eller eksamen, og nokre mange fleire. Det står på informasjonssida til dei ulike faga kor mange prosent som er coursework (innleveringar) og kor mange prosent som er eksamen. Ein får ish to veker før eksamensperioden byrjer til å lese (revision week) og/eller skrive på innleveringar, så eksamensperioden er ikkje naudsynt like intens som den kan vera her heime.

Vurdering av emnetilbodet

Skulen har ein del ulike spennande fag (modules), men det kan likevel vera utfordrande å finne ting som ikkje krasjar i timeplanen, så ville som sagt prøvd å sjekke litt opp i dette på førehand. Om det er ein fagkombinasjon ein verkeleg vil ha kan ein også ta litt meir poeng enn «minimum» (1 ECTS credit er 2 SCOTCAT credits, så ein må ta minst 60 credits per semester), men då ville eg gjort litt research for å sjekke at det ikkje blir for masse arbeid. Det er også verdt å merke at ein må ha minst eitt fag innan geografi, men kan velje ganske fritt elles. Faga kan heller ikkje overlappe med fag heime, så det må ein også sjekke litt opp i. Eg tok ES2003 - Dynamic Earth: Earth Surface Processes og GG2012 - (Re)constructing environments, people and places. Begge faga var veldig spanande og varierte, men vil nok seie ES2003 krev litt meir, då dei byggjar litt vidare på kunnskap frå tidlegare fag som eg ikkje har hatt. Det er veldig vanleg å ha fleire ulike førelesarar i same fag.

Du vil også få eit møte med ein advisor når du kjem til skulen, der ein tek dei endelege vala om fag, men er veldig greit å møte opp med alternativ og tankar. Ein har også ei veke på seg til å eventuelt prøve ut og bytte fag.

Fagleg utbyte og språk

Mitt inntrykk er at det faglege nivået og arbeidsmengda varierer ganske mykje frå fag til fag. Generelt er mi erfaring at nivået var høgt, men overkommeleg. Det betyr litt kva forkunnskapar ein eventuelt har frå før og, men lærarane er veldig hjelpsame om det er noko ein lurar på.
Sjølv om det var utfordrande til tider har eg lært veldig masse, og universitetet er veldig opptatt av å starte tidlig med å lære studentene praktiske ferdigheter dei kan dra nytte av i arbeidslivet.

Språk opplevde eg ikkje som noko problem, og ein blir berre betre med tida! Eg snakka berre engelsk når eg var der, ettersom eg ikkje møtte noko særleg av folk frå Skandinavia. Det er kanskje litt slitsomt i byrjinga, men det går fort over, og ein blir fort mykje tryggare og betre både skriftleg og muntleg.

Universitetsområdet og byen

St Andrews er ein veldig sjarmerande stad, med mange gamle bygningar, koselege spisestader og det meste av det ein treng av butikkar. Det ligg rett ved havet med fleire vakre strender, og ein kan for eksempel gå Fife Coastal Path som går langs heile kysten av Fife, regionen St Andrews ligg i.

Det er ikkje ein kjempestor by, men det er likevel ein veldig livleg stad med mange ulike societies og clubs ein kan ta del i. Eg anbefaler å bli med på noko medan ein er her, då det er ein god moglegheit til å bli kjent med fleire studentar. Sport er veldig stort i St Andrews, så det er verkeleg mange moglegheiter til å prøve ut nye ting. Golf er for eksempel populært, då byen er kjent som «The home of golf». Det at byen er litt liten synes eg var ganske hyggeleg, då veldig mange av dei som bur der er studentar, og ein møter på folk ein kjenner overalt. Det er heller ikkje langt til større stader om det er noko anna ein treng, som Dundee, Edinburgh, Glasgow og Aberdeen. Det er lett å kome seg til Leuchars med buss, der den nærmaste togstasjonen er. Om ein er under 22 kan ein også søke om Free Bus Travel, om ein kan dokumentere at ein bur i Skottland. Om ein vil reise litt rundt i Skottland (anbefalast!) kan det lønne seg å kjøpe eit 16-25 ScotRail Card for 30 pund, då får ein 1/3 av på kvart kjøp. Det aller lettaste er å skaffe seg venner med bil, då den offentlege transporten (mest bussen) kan vera litt knotete av og til.

Bustad

Eg budde i ein Student Hall (Andrew Melville), og vil absolutt anbefale det! Der har ein moglegheit til å vera veldig sosial, men ein har også eit eige rom om ein vil trekke seg tilbake. I tillegg er det veldig vanskeleg å finne private bustadar, då det er ein stor mangel. Derfor er det veldig bra at ein er sikra plass i halls som utvekslingsstudent, så lenger ein søkar innan tidsfristane dei gir deg. Det er ulike «typar» rom ein kan søke om, og ein kan lese om dette på sidene til universitetet. Ein kan også velje mellom catered eller self-catered, altså om ein vil få mat (inkludert i leiga) eller lage sjølv. Eg hadde catered og var veldig fornøgd med det. Maten er for det meste god, og måltida er gode sosiale pausar mellom studieøktene. Om ein ikkje kan møte opp til eit måltid kan ein skrive seg opp på «packed lunch» dagen før, og hente det i matsalen om morgonen. Ein får alltid moglegheit til å velje eit vegetarmåltid om ein vil det (er ofte 3-4 val), og av og til vegansk. I helgene får ein ikkje middag, berre frukost og lunsj, men det er felleskjøkken ein kan ta i bruk for å lage eigen mat.

Eg hamna i Andrew Melville, ein hall som ligg omtrent 15-20 min gange frå sentrum og rett ved sportssenteret. Det har ikkje same Hogwarts-sjarm som mange av dei andre bygga, men er kjent for eit veldig bra miljø, og er i tillegg eit av dei billigare alternativa. Eg møtte fleirtalet av mine beste venner her, og det er ein veldig bra stad for å møte utvekslingsstudentar. Dei fleste lokale studentane der er førsteårsstudentar, men det er også nokre eldre. Student Halls arrangerer ofte ulike arrangement og festar, så det er mange moglegheiter til å komme i snakk med nye folk!

Sosialt miljø

Miljøet på universitetet er veldig bra, og det er som sagt utruleg mange ulike grupper og lag ein kan bli med i, som ofte arrangerer såkalla «socials» for medlemane. Dei har ofte opne treningar/møter dei første vekene, så det er verdt å sjå litt etter dette! Det er alt frå akademiske grupper, linjeforeiningar, hobbyar og liknande. Studentsamfunnet har også eit stort bygg kalla The Union, der ein har ulike barar, ein nattklubb, kaféar og studieplassar. Det er også andre pubar og barar, men det er ikkje eit veldig stort uteliv. Det er likevel mange arrangement og moglegheiter om ein ønskjer! Balls er også ein stor ting i St Andrews, og det er flust av moglegheiter til å bli med på dette. Eg vil absolutt anbefale å bli med på minst ein, og gjerne fleire! Her får ein gode moglegheiter til å prøve ut litt cèilidh-dansing :) St Andrews er også kjent for å ha ein del ulike tradisjonar, som pier walk, may dip, raisin weekend og soakings. Dette er også noko ein absolutt burde få med seg om ein kan!

Skottane er veldig hyggelege og lette å kome i kontakt med, men eg følte eigentleg at eg ikkje møtte så veldig mange av dei på skulen, då det er veldig mange studentar frå spesielt England og USA. For meg var det litt meir arbeid å finne «lokale» venner, då eg berre tok 2000-level fag som for det meste er for andreårsstudentar som allereie har etablert seg, men det er absolutt ikkje umogleg, og det er uansett veldig lett å bli kjent med andre utvekslingsstudentar. Om ein bur i ein student hall er det også ein kjempefin moglegheit for å bli kjent med andre.

Skottane generelt er utruleg hyggelege og høflege, så du kjem kanskje til å bli litt fornærma når du kjem heim og ingen held døra for deg eller seier «thank you» eller «sorry» for den minste ting. Dei er veldig hjelpsame og likar å slå av ein prat, og blir ikkje fornærma om du slit med den skotske aksenten!

2022

Høst 2022 - Bachelor i geografi

Høst 2022 - Bachelor i geografi

15.08.2022 - 31.12.2022

Førebuingar/praktiske tips

Før man reiser til St. Andrews eller på utveksling generelt er det litt ting man må gjøre på forhånd. Jeg begynte tidlig å undersøke fagtilbudet de hadde for å velge fag. På online learning agreement som man skal sende inn på våren må man fylle inn de fagene man ønsker, men under første uka på utveksling får man mulighet til å endre på de fagene. Man må også finne et sted å bo, anbefaler sterkt å søke tidlig for å sikre seg plass på universitetets egne studentboliger. Ellers krever St. Andrews at du gjennomfører en matrikulering, der er det forskjellige moduler man skal gjennom som handler om for eksempel hvordan man skal refere riktig i innleveringer og hvilke etiske retningslinjer man skal følge på skolen osv. Man må også fylle inn en del informasjon før man reiser, slik som betalingsplan og adresse osv. Dette vil jeg anbefale å gjøre i god tid før du reiser da den første uka går til mye sosialt opplegg. Ellers kan det være lurt å undersøke de ulike arrangementene som foregår de første ukene, for når man først kommer dit er man mye opptatt, så det er greit å planlegge litt i forveien.

Undervisningsformer

Undervisningen i St. Andrews var mye mer basert på aktiv læring enn i Norge, vertfall i de fagene jeg hadde. Det var mer kontakt mellom lærer og student så det føltes litt ut som undervisningen på videregående. Det var også litt praktiske undervisningformer i de fagene jeg tok, jeg fikk dra på et tredagers feltkurs på vestkysten av Skottland. Når det kommer til eksamensformer varierer det veldig fra fag til fag. Jeg hadde ingen eksamen, men hadde istedenfor ca. 2 innleveringer per fag på ca. 3000 ord hver. Hadde også noen fremføringer i løpet av semesteret.

Vurdering av emnetilbodet

Emnetilbudet var veldig relevant for meg som geografistudent. St. Andrews er ganske kjent for å være gode på sustainable development og geography. Det kan være litt vanskelig å finne fag som ikke overlapper mye med de fagene man har tatt hjemme på uib, spesielt lavere grads emner. Jeg endte opp med å ta tre 3000 level fag, Costal processes, Environmental management og European poplation trends. De fagene på 3000 nivå vil jeg si passer fint til en student fra Norge som går 3. året. Det krever kanskje litt mer innsats siden det er på engelsk, men alt i alt gikk det veldig fint. Fagene på et høyere nivå har også mer individuelt arbeid så det er ikke like mange forelesninger eller oppgaver man må gjøre, noe som er fint når man er på utveksling så man kan styre tiden sin litt bedre. Om man er usikker på fagene er det flinke rådgivere på skolen og man får automatisk en rådgivningstime første skoledag der man kan diskutere valg av emner.

Fagleg utbyte og språk

Jeg vil si jeg fikk større breddekunnskap i geografi etter utvekslingen. Jeg fikk tatt noen fag som ikke hadde vært mulig å ta i Norge og jeg tror absolutt at den kunnskapen jeg fikk kan brukes i fremtidige studier eller i arbeidslivet. I begynnelsen var jeg redd engelsken skulle gjøre skolen vanskelig og hindre meg i å gjøre det bra. Men man kommer raskt inn i det og etterhvert føltes det helt naturlig å ha forelesning samt å skrive innleveringer på engelsk. Samtidig som min akademiske engelsk har forbedret seg mye ble jeg også mye tryggere og flinkere til å snakke engelsk da man snakker engelsk hver dag. Jeg var kun med andre utvesklingstudenter og britiske studenter så det gikk i engelsk hele dagen.

Universitetsområdet og byen

Selve universitetsområdet og byen er utrolig vakkert og koselig. St. Andrews er en vakker liten by som ligger rett ved havet og tre nydelige sandstrender. Utenfor St. Andrews er det fine stier gjennom skoger, og ikke langt unna er "The highlands". Selve universitetet gir litt Harry Potter følelse, og hele byen har en skotsk sjarm med sine steinhus. St. Andrews er også veldig kjent for sin golf historie, så byen preges i stor grad av golf. Det var en stor overgang å reise fra Bergen å komme til en liten landsby i Skottland. Det er kun 18000 innbyggere i St. Andrews hvor mesteparten er studenter. Det gjør at byen er veldig livlig, har godt utvalg av puber og det er mye som skjer hele tiden. Samtidig er Edinburgh nærme nok til dra dit i helgen om man vil tilbake til storbyfølelsen. Noen ganger kan nemlig St. Andrews føles som en boble, da man hver dag møter kjentfolk i byen.

Bustad

Jeg var heldig og fikk bo i en studenthybel i det de kaller "halls". Dette er studentboliger styrt av universitetet. Det er en boligkrise i det private leimarkedet i St. Andrews så det hender at studenter må bo i nabobyen Dundee for det er for stort press på det private leiemarkedet. Om man søker i tide garanterer nemlig universitet studentbolig til utvesklingselever. Jeg bodde i Agnes Blackadder Hall som ikke er den nyeste eller fineste Hallen, men det var bra nok, litt dyrt i forhold til i Norge. Jeg valgte eget bad på rommet og måltider inkludert. Jeg vil absolutt anbefale det da det er veldig sosialt og enkelt å bli kjent med andre. Det var i matsalen jeg ble kjent med de aller fleste av mine venner. Samtidig slipper man å bruke mye tid på å handle mat, lage mat og vaske opp. Maten vi fikk var også overraskende variert og god! De hadde godt vegansk og vegetar utvalg også. Om man velger å være "self-catered" må man i tillegg skaffe seg kjøkkenutstyr selv. Alle har tilgang til et lite kjøkken med ovn, fryser og kjøleskap noe som var veldig praktisk. Samtidig er det veldig lettvint å bo i Halls, om man skulle ha noen problemer er det alltid folk på jobb som hjelper deg.

Sosialt miljø

Det sosiale miljøet på St. Andrews er utrolig bra. Det er veldig mye opplegg, vertfall de første ukene som gjør at det er lett å bli kjent med andre. Samtidig er alle veldig vennlige og interessert i å bli kjent med nye folk. Jeg ble mest kjent med andre utvesklingstudenter i den hallen jeg bodde i, men fikk også gode venner fra Skottland i de klassene jeg gikk i. Jeg tror at siden St. Andrews er så lite føler man litt på et felleskap på universitetet. Det er også veldig normalt å være aktiv i idrettslag og der er det lett å bli kjent med andre. Det eneste St. Andrews ikke kan skilte med er et stort uteliv som man er vandt til i Bergen. Det er kun en nattklubb, og en del barer. Jeg vil anbefale å være så sosial som mulig den første uka da det gjennomføres en slags fadderuke, det legger litt grunnlaget for det sosiale resten av året.

2020

Vår 2020 Bachelorprogram i geografi

Vår 2020 Bachelorprogram i geografi

15.01.2020 - 15.06.2020

Førebuingar/praktiske tips

Universitetet er et stykke unna flyplassen i Edinburgh, her blir man anbefalt å reise med buss - tog med flere bytter. Jeg derimot anbefaler på det sterkeste å nytte seg av St Andrews shuttle, da blir du hentet på flyplassen og kjørt rett til døren der du skal bo for rundt 200kr som er mye billigere enn å ta tog og buss. Du kan bestille dyne og pute via St Andrews så du slipper ta det med - og da skal det ligge klart på rommet ditt ved ankomst/eller at du henter det ved resepsjonen. Husk også at du må ha riktig adapter til laderen din, du kan risikere å bli fratatt ladere ved rominspeksjon om du har feil type, dette skal du kunne finne ut mer om på St Andrews sin hjemmeside.

Undervisningsformer

Forelesningene varer en time hver og i tillegg har man obligatoriske seminargrupper flere ganger i uken der man leser en artikkel/tekst for og så møtes og diskuterer sammen - dette var veldig nyttig. Eksamen er som regel 2 timer skriftlig

Vurdering av emnetilbodet

Jeg synes emnene var veldig spennende med mye variasjon og det var utrolig flinke forelesere. Tok et fag som het «World in Crisis» som var utrolig spennende og lærerikt, med fokus på fysisk og samfunnsfaglig geografi. Tok også et emne innenfor sosialantropologi «ways of thinking» og det var overraskende relevant for geografi. Meget spennende å lære om for eksempel arkitektur og hvordan plassering og utforming av bygninger kan endre måten vi oppfører oss på. Tema om miljø og biodiversitet blir også tatt opp her. Føler så absolutt jeg kom hjem med en annen bredde i kunnskapen min etter dette

Fagleg utbyte og språk

Engelsken min ble mye bedre, nå fikk jeg bare vært der rundt en og en halv måned - men merket stor forskjell på den lille tiden. Så utveksling anbefales på det sterkeste!

Universitetsområdet og byen

St Andrews er en vakker liten studentby som jeg ble helt forelsket i med en slående natur og flere hyggelige butikker, cafeer og puber! Samt et utrolig utvalg med aktiviteter - mye bedre enn det universiteter i Norge har. Her kan du blant annet holde på med Polo, fekting, hunder, golf, leirdueskyting, alle typer sport du kan tenke deg + societies for alle sin smak. Utseendemessig kan det føles som å gå i en Harry Potter film og stedet bærer på mye historie. Det er alltid noe som skjer hver uke som man kan dra på.

Bustad

St Andrews tilbyr flere studentboliger som du må søke om på forhånd. Jeg bodde i David Russel Hall med eget bad og felles kjøkken/stue - her var det veldig fint! Prisen er litt høy, men overkommelig. Du kan velge mellom catered eller ikke catered (med eller uten matservering), jeg tok uten og det gikk fint - men måtte kjøpe inn ALT nytt til å lage mat med da man ikke delte noe med de man bodde med - som ble ganske dyrt da det ikke er så mange butikker å velge mellom for innkjøp av kjøkkenting. Positivt er det at du bestemmer selv hva du skal ha til middag, og nøyaktig når du skal spise. Med catered får du mat i de vanlige ukedagene til faste tidspunkt i en dining hall, mens i helgene må du ordne det selv.

Sosialt miljø

Det er veldig mange utvekslingsstudenter fra USA, men jeg ble mest kjent med de fra klassen min som var fra Skottland selv. I tillegg er det flere norske der som har et eget fellesskap man kan ta del i. Jeg fikk jo ikke så god tid til å oppleve hele den sosiale kulturen siden jeg måtte reise hjem igjen ganske så fort - men det er mange måter å møte andre på både gjennom societies, klassen, events ute på byen osv. Det var derfor ikke noe problem å komme dit andre semester: i tillegg har de freshers week 1 semester også REfreshers week 2 semester (siste tok jeg del i) som er som en fadderuke i Norge, syv dager med forskjellige konserter/events og mye gøy). Jeg anbefaler sterkt å være med så mye som mulig på dette for å bli kjent med andre.

Informasjon