Hjem
Utdanning
erasmus+

Örebro universitet og Institutt for geografi (ERASMUS+)

  • LandSverige
  • ByÖrebro
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for geografitudentar på bachelor- og masternivå. Andre interesserte studentar kan òg søke, men blir prioriterte etter geografistudentane dersom det er fleire søkarar enn ledige plassar. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. For bachelorstudentar tilrår vi utveksling i 4. og/eller 5. semester, når du kan ta emne som frie studiepoeng. For masterstudentar passar det best å reise ut i 2. semester.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Örebro universitet er Sveriges yngste. Det blei grunnlagt ved tusenårsskiftet gjennom ei samanslåing av tre høgskular og universitetsfilialen i Örebro. Universitetet har rundt 10 000 studentar og åtte tilknytte institusjonar, blant desse Handelshögskolan, Musikhögskolan og den dels sjølvstyrde Restaurang- och hotellhögskolan Grythytte Akademi. Den største campusen ligg i bydelen Almby i Örebro, og i tillegg finst det campusar ved universitetetssjukehuset, i Grythyttan og i Karlskog.

Örebro har rundt 110 000 innbyggarar og ligg i det svenske innlandet, om lag 20 mil vest for Stockholm. På første halvdel av 1900-talet gjekk Örebro under kallenamnet «skobyen» fordi han hadde var så mange skofabrikkar. I dag blir det produsert fleire studiepoeng enn sko her, og universitetet er ein av dei viktigaste arbeidsgivarane i byen.

Bustad

Universitetet garanterer bustad til alle utvekslingsstudentar, forutsett at ein søker innan fristen, som vanlegvis er medio april for haustsemesteret og medio oktober for vårsemesteret. Det er òg mogleg å finne bustad på den private marknaden om ein er tidleg ute.

Semesterinndeling

August - januar og januar - juni.

Informasjon