Hjem
Utdanning
bilateral

University of Exeter og Institutt for økonomi (BILATERAL)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • ByExeter
  • Studieplassar8
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for bachelor- og masterstudentar ved Institutt for økonomi.

Når i studiet kan eg reise

Studentane må ha fullført 60 studiepoeng før avreise. Studentar ved bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi vert råda til å dra på utveksling etter at dei har bestått 3. semester. Studentar ved profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi og bachelorprogrammet i politisk økonomi vert råda til å ta utvekslinga i 4. semester.

Masterstudentar blir råda til å reise ut i sitt 2. semester, når ein kan ta valemne på masternivå i samfunnsøkonomi.

Språk

Engelsk.

Kva emne kan eg ta

Emne på bachelor- og masternivå i økonomi ved University of Exeter Business School.

Studieavgift

Universitetet har studieavgift. Mer informasjon finner du under.

Bachelor: https://www.exeter.ac.uk/undergraduate/international/livingcosts/

Master: https://www.exeter.ac.uk/postgraduate/international/yourcountry/norway/

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Exeter blei grunnlagt i 1955, og har i dag meir enn 22 000 studentar fordelt på campusane i Exeter og Cornwall. Miljøet er internasjonalt, med studentar frå meir enn 130 land. På nettsidene deira kan ein lese at dei kombinerer forsking i verdsklasse med høg grad av trivsel blant studentane; Universitetet er medlem av Russell Group av leiande forskings-intensive universitet, og dei har alltid skora svært bra på trivselsundersøkingar i nasjonale undersøkingar.

Byen Exeter er ein oldtidsby i det sørvestlege England, som i dag har rundt 130 000 innbyggarar.

Bustad

Ved utveksling i eitt semester kan ein få tilgang på studentbustad, men det er ingen garanti. Universitetet kan gje råd i samband med bustadjakta.

Semesterinndeling

September - januar og januar - juni

Bilde av bygning
Foto:
© University of Exeter

Informasjon