Hjem
Utdanning
erasmus+

Bilkent University og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+)

  • LandTyrkia
  • ByBilkent/Ankara
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på i samanliknande politikk har fortrinn på plassane før andre fagområde. Bilkent passer også for studentar på administrasjon og organisasjonsvitskap.

Søkaren må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved utreise.

Når i studiet kan eg reise

Normalt reiser ein ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Utreisande for hustsemesteret må være klar over at det kan være eksamen i januar.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. B2-nivå (CEFR) blir anbefalt. Søkere kan be sin studierettleiar eller internasjonalt senter om ein bekreftelse på språkkunnskapar i engelsk.

Bilkent tilbyr språkkurs i tyrkisk til innreisande studentar.

Kva emne kan eg ta

Department of Political Science and Public Administration høyrer til Faculty of Economics, Administrative and Social Science ved Bilkent University. Dei tilbyr også emne innan International Relations. På denne nettsiden finn du både praktisk informasjon og kurskatalog med aktuelle emne.

Bilkent passar for deg som er interessert i tyrkisk historie og politikk, utvikling i Midtøsten og internasjonal politikk. Emna er normalt 5 ECTS slik at ein totalt skal ta 6 emne per semester.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Bilkent University blei grunnlagt i 1984 som den første private non-profit institusjonen i Tyrkia. Universitetet blir rekna som eit av dei fremste i landet, og som ved mange andre tyrkiske lærestader er undervisningsspråket engelsk. Universitetet har om lag 13.000 studentar og eit stort internasjonalt studentmiljø.

Ankara er hovedstaden i Tyrkia med 4,5 millioner innbyggarar. Bilkent campus ligg omtrent 12 km frå bykjerna.

Bustad

Bilkent tilbyr gratis on-campus-bustad til innreisande utvekslingsstudentar. Tilbodet gjeld primært dobbeltrom.

Semesterinndeling

September - januar og januar - mai.

Bygning på campus
Photo:
© Bilkent University

Informasjon