Hjem
Studentsider
norpart

Muhimbili University of Health and Allied Sciences og Det medisinske fakultet (NORPART - (PEPER))

  • LandTanzania
  • ByDar es Salaam
  • Studieplassar3
  • AvtaletypeNorpart
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld berre for farmasistudentar. 3-4 studentar kan reise kvart år, i perioden 2020 - 2023. Kva masteroppgåver som er tilgjengelege, blir presentert kvart år i februar.

Når i studiet kan eg reise

Farmasistudentar kan reise på utveksling til Muhimbili University of Health and Allied Sciences i sitt 9. og/eller 10. semester.

Språk

Ved Muhimbili University of Health and Allied Sciences er undervisningsspråket engelsk.

Dersom du ikkje har nok engelskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Farmasistudentar kan reise til Muhimbili University of Health and Allied Sciences i siste år av studiet. Dette året skriv studentane masteroppgåve og tar 15 studiepoeng med valemne. Ein kan ta delar av masteroppgåva i Tanzania (minimum 3 månader) eller heile masteroppgåva (10 månader).

Studieavgift

Utvekslingstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Muhimbili University of Health and Allied Sciences (MUHAS) starta som Dar es Salaam medical school i 1963. Skulen har så utvikla seg vidare i ulike trinn og i 2007 vart Muhibili University of Health and Applied Sciences (MUHAS) etablert. School of Pharmacy har eksistert sidan 1974.

MUHAS har to campusar: Muhimbili Campus og Mloganzila Campus. Farmasi held til på Muhimbili Campus. Denne campusen ligg sentralt i Dar i utkanten av kvarteret Upanga.

Farmasi har fem institutt:

• Legemiddelkjemi

• Farmakognosi

• Klinisk farmasi

• Galenisk farmasi og samfunnsfarmasi

• Farmasøytisk mikrobiologi

MUHAS tar opp 80 farmasi studentar per år og har i dag omkring 300 aktive farmasistudentar.

Dar es Salam var tidligare Tanzanias hovudstad og er fortsatt Tanzanias største by, med omkring 5 millionar innbyggarar. Byen ligg ved kysten av Indiahavet.

Bustad

MUHAS kan hjelpe til med å finne bustad.

Semesterinndeling

Haust: november til mars
Vår: april til juli

Informasjon