Hjem
Studentsider
erasmus+

Leeds College of Art og Fakultet for kunst, musikk og design (ERASMUS+)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • ByLeeds
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Leeds Arts University er det einaste spesialiserte kunstuniversitetet i Nord-England. Universitetet har røter frå 1846 og har 170 års historie innan undervisning i kunst og design. Universitetet har over 50 ulike nasjonalitetar på campus, noko som gir ein fleirkulturell atmosfære. Universitetet har i underkant av 5000 studentar, noko som gjev dei ein fordel av eit lite og nært samansett miljø i ein kreativ atmosfære. Universitetet tilbyr ei rekke bachelor- og masterprorgam, og kurs i mellom anna animasjon, kreativ skriving, filmproduksjon og fachion design.

Leeds er ein by i West-Yorkshire, nord i England, med om lag 430 000 innbyggarar. Byen blei tidleg ein prominent tekstilby, og på første halvdel av 1800-talet auka innbyggartalet frå 53 000 til 172 000. I dag er Leeds ein av dei raskast veksande byene i Storbritannia, og er kjend for sine mange store varehus.

Informasjon