Hjem

Utdanning

erasmus+

University of Helsinki og Kjemisk institutt (ERASMUS+)

  • LandFinland
  • ByHelsingin yliopisto
  • Studieplassar1
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på bachelorprogrammet i kjemi.

Når i studiet kan eg reise

Etter at ein har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng kan ein tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. God planlegging er viktig for ei utbyterik utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er oppgitt i emneskildringane. Det er naudsynt med solid forkunnskap i finsk for å følge undervisninga i emne som berre har undervisning på finsk. Vi anbefaler fortrinnsvis å følge emne som har engelsk som undervisningsspråk. Dersom du manglar språkkunnskapar er det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Les meir om krav til forkunnskapar i språk på universitetet si heimeside: https://university.helsinki.fi/en/studying/how-to-apply/exchange-studies

Kva emne kan eg ta

Ver merksam på at det er obligatoriske emne i andre og tredje studieår av bachelorstudiet i kjemi som må dekkast inn under utvekslingsopphaldet. Det er derfor naudsynt å finne emne som kan erstatte dei emna du elles ville tatt i same semester som del av studieprogrammet ved UiB. Det er viktig å vere i kontakt med studierettleiar for å få vurdert om emne du ønsker å ta kan godkjennast. Ta tidleg kontakt med studierettleiar på e-post når du skal planlegge utvekslingsopphaldet ditt. Kontaktadressa er studierettleiar@kjemi.uib.no

Du kan òg velje emne som skal inngå som frie studiepoeng i bachelorgraden. Då kan du velje fritt mellom dei emna universitetet tilbyr. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt før, eller planlegg å ta seinare. Ver merksam på eventuelle krav til fagleg forkunnskap for dei enkelte emna.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Helsinki blei grunnlagd under stormaktstida i 1640, og er det eldste universitetet i Finland. Dei 36 000 studentane er fordelte på fire campusar, som ligg i og i utkanten av Helsinki sentrum. Universitetet er tospråkleg, med undervisning på både finsk og svensk. Dette i tillegg til det engelskspråklege emnetilbodet. Studentforeininga ved universitetet blei oppretta i 1868, og er ei av dei rikaste studentforeiningane i verda.

Helsinki, kalla Helsingfors på svensk, er hovudstaden i Finland og har rundt 600 000 innbyggarar. Byen ligg sør i landet ved Finskebukta, og har ei strandlinje på 98 kilometer. Delar av bysentrum ligg på ei halvøy. Både kostnadsnivået og levestandarden er relativt høg i Helsinki.

Bustad

Universitetet har ingen eigne bustader for internasjonale studentar og advarer om at det kan vere stor press på den private marknaden rundt semesterstart. Det er mogleg å søke om studentbustad gjennom HOAS, (Foundation for Student Housing in the Helsinki region). Både studentforeininga og universitetetet hjelper med informasjon om korleis ein går fram for å finne bustad privat.

Semesterinndeling

August - desember og januar - mai.

Studentrapportar

2017

Vår 2017 – Integrert master i rettsvitskap

Vår 2017 – Integrert master i rettsvitskap

01.01.2017 - 30.07.2017

Førebuingar/praktiske tips

Det er viktig å merke seg at registrering av fag foregår på en litt anderledes måte enn i Norge. Ofte er det begrenset med plasse per kurs, så det er litt første man til mølla. Det kan bli litt problematisk med de første kursene som starter da påmeldingen åpner før vi utvekslingsstudentene blir registrer. Derfor ville jeg sjekket fagene på forhånd og sendt mail til professorene i de aktuelle fagene og forklart situasjonen. De er ganske fleksible.
Ellers ligner Finland mye på Norge når det gjelder klima.

Undervisningsformer

Undervisningen går på engelsk. Man kan velge mellom kurs som går som vanglige forelsesninger eller så kan man velge kurs som blir kalt for skriveseminar. I disse skriveseminarene skal man skrive et essay som man levere inn på slutten av kurset.

Vurdering av emnetilbodet

Jeg syntes det var mange spennende fag å velge mellom og de kursene jeg tok hadde meget flinke professorer.

Fagleg utbyte og språk

Selv om engelsk ikke er første språket syntes jeg det ble holdt en høy standard. Både professorer og studenter var flinke til å snakke engelsk. Man fikk mye trening i å både skrive på engelsk og anvende språket muntlig ved fremføringer.

Universitetsområdet og byen

Universitetet ligger midt i byen så det er lett å komme seg til skolen, den ligger rett ved et t-bane stopp.
Byen er veldig fin og det er lett å finne på ting å gjøre på fritiden.
I tillegg er det veldig gode tilbud med kolletivtrafikk slik at det ikke er vanskelig å reise rundt.

Bustad

Jeg søkte studentbolig og ville anbefalt alle å gjøre det da det er meget god standard.

Sosialt miljø

Jeg bodde på studentbolig med andre utvekslingsstudenter. Dette gjorde jo oppholdet meget sosialt og man trengte aldri å være alene om man ikke ønsket det.
Dersom man ønsker å bli kjent med de finske stuentene er det masse aktiviteter man kan engasjere seg i, i form av ulike undergrupper.

T-skjorte
Foto:
© University of Helsinki

Informasjon