Hjem
Studentsider
erasmus+

Université de Tours og Institutt for filosofi og førstesemesterstudier (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByTours
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar som går på bachelor- og masterprogrammet i filosofi ved Institutt for filosofi og førstesemeterstudier. Andre interessert kan og søkje, men blir prioriterte etter studentar med opptak til bachelorprogrammet i filosofi dersom det er fleire søkjarar enn ledige plassar.

Du må ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile perioden du er på utveksling. I tillegg må du ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar: Etter at du har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen din. Vi tilrår at du reiser ut i 5 og/eller 6 semester.

Masterstudentar: Utveksling skal skje i samråd med rettleiaren eller masterkoordinateren. Utreise i 1. og/eller 2. semester krev at du vel emne som kan innpasses som de obligatoriske emnene i graden. Utreise i 3. og/eller 4. semester krever skriftleg støtte fra rettleiaren.

Er du student på eit anna studieprogram? Ta kontakt med din studierettleiar for å finne ut når det er best å reise på utveksling.

Språk

Det er ditt ansvar å sikre at du har godt nok språknivå før du reiser på utveksling. Vi vil derfor tilrå at sett deg godt inn i det språknivået som krevs på universitetet du skal til. Vi vil og tipse om UiB sitt tilbod om språktandem: to studentar ¿ to språk ¿ vi koplar dykk! Sjå her for meir informasjon: https://www.uib.no/student/49474/språktandem. Merk og at Lånekassen har eit eige stipend ein kan søkje på for å få dekka utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå vertsuniversitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar komande semester.

Kva emne kan eg ta

På denne avtalen kan du ta emne innanfor filosofi og etikk, men noen universitet tillet andre fagval. Merk at emna kan ha eigne opptakskrav som du må følgje.

Bachelorstudentar:

Det er som oftast mogleg å reise på utveksling å ta anten emne i spesialiseringa eller frie studiepoeng.

Emne i spesialiseringa: Dersom du vil ta emne som skal inngå som ein del av spesialiseringa di, altså erstatte eit emne du skulle tatt ved UiB, så er det viktig at du finn emne som i stor grad er likt som det emnet du skulle tatt ved UiB. Vi vi råde deg til å samanlikne både emneomtale og litteraturlister, for å sjå om innhald og læringsutbyte er nokolunde det same. Det er viktig at du finn eit emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Dette kan studiekonsulent for studieprogrammet ditt hjelpe deg med.

Frie studiepoeng: Dersom du skal ta frie studiepoeng medan du er på utveksling, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som denne avtalen gjeld for, altså filosofi og etikk.

Masterstudentar:

Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Ta kontakt med studierettleiar din for meir informasjon.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Informasjon