Hjem
Studentsider
erasmus+

Université Jean Monnet Saint-Etienne og Institutt for fremmedspråk (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • BySaint-Etienne
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar ved Institutt for framandspråk, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor språk og omsetjing. Alle som reiser på utveksling må ha fullført minimum 60 studiepoeng før avreise. Studentar ved Instiutt for framandspråk blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn plassar.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved ditt institutt/fakultet for informasjon og råd om når i studiet det passar best å reise ut.

Språk

Undervisningsspråket ved Universitetet i Lyon Saint-Etienne er i hovudsak fransk, men dei har nokre emne på engelsk. Det er krav om B2-nivå i språka og krav om C1-nivå på masternivå.

Kva emne kan eg ta

Universitetet i Lyon Saint-Etienne er eit breddeuniversitet med studietilbod innanfor dei fleste fagområde. Avtalen er knytt til fagområda omsetjing, språk og litteratur.

Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Det finnes informasjon om emer på denne nettsida: https://www.univ-st-etienne.fr/fr/international-1/etudiant-international.html

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Informasjon