Hjem
Utdanning
erasmus+

University of Oulu og Kjemisk institutt (ERASMUS+)

  • LandFinland
  • ByUniversity of Oulu
  • Studieplassar1
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på bachelorprogrammet i kjemi.

Når i studiet kan eg reise

Etter at ein har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng kan ein tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. God planlegging er viktig for ei utbyterik utveksling.

Språk

Undervisningsspråket for kvart enkelt emne er oppgitt i emneskildringane. Det er naudsynt med solide kunnskapar i finsk for å følge undervisninga i emne der finsk er einaste undervisningsspråk. Vi anbefaler fortrinnsvis å følge emne som har engelsk som undervisningsspråk.

Dersom du ikkje har gode nok engelskkunnskapar finst det flerie måtar å førebu seg språkleg på før utreise. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Kva emne kan eg ta

Ver merksam på at det er obligatoriske emne i andre og tredje studieår av bachelorstudiet i kjemi som må dekkast inn under utvekslingsopphaldet. Det er derfor naudsynt å finne emne som kan erstatte dei emna du elles skulle ha tatt i same semester ved UiB. Det er viktig å vere i kontakt med studierettleiar for å få vurdert om emne du ønsker å ta kan godskrivast som erstattning for obligatoriske emne i bachelorstudiet i kjemi. Ta tidleg kontakt med studierettleiar på e-post når du skal planlegge utvekslingsopphaldet ditt. Kontaktadressa er studierettleiar@kjemi.uib.no.

Du kan òg velje emne som skal inngå som frie studiepoeng i bachelorgraden. Då kan du velje fritt mellom dei akademiske emna universitetet tilbyr. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje kan overlappe med emne du har tatt før, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Ver merksam på eventuelle krav til faglege forkunnskapar for dei enkelte emna.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Oulu har 16 000 studentar, og blei grunnlagt i 1958. Sju av ni fakultet ligg på hovudcampusen, seks kilometer nord for sentrum av Oulu, som på svensk har namnet Uleåborg. Prioriterte forskingsområde for universitetet er informasjonsteknologi, bioteknologi, nordområdestudium og miljøspørsmål. Det har fleire biologiske forskingsstasjonar rundt om i regionen.

Uleåborg er den største byen i det nordlege Finland med rundt 200 000 innbyggarar. Han blei blei grunnlagd av kong Karl IX av Sverige i 1605. Byen sin økonomi var tidlegare primært basert på tjøreproduksjon og laksefiske. I dag er det først og fremst teknologi som blir skapt her. Byen er òg kjend for å ha arrangert verdsmeisterskap i luftgitar kvart år sidan 1996.

Bustad

Ein kan søke studentbustad både på og utanfor campus. Det er òg gode sjansar for å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Uleåborg om ein er ute i litt god tid.

Semesterinndeling

September - desember og januar - mai.

Interiør
Foto:
© University of Oulu

Informasjon