LUT University og Institutt for økonomi (ERASMUS+)
- LandFinland
- ByLappeenranta
- Studieplassar1
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1-2 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Studentar ved Institutt for økonomi kan søke.
Når i studiet kan eg reise
Studentane må ha fullført 60 studiepoeng før avreise. Studentar ved bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi vert råda til å dra på utveksling i 4. semester. Studentar ved profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi vert råda til å dra på utvekslinga i 4. semester.
Masterstudentar blir råda til å reise ut i sitt 2. semester, når ein kan ta valemne på masternivå i samfunnsøkonomi.
Språk
Undervisningsspråk er finsk eller engelsk
Universitetet anbefaler at du har språkkunnskapar tilsvarande B2-nivå (CEFR) i engelsk. Universitetet krev dokumentasjon eller språktest i engelsk før studiestart, sjå krav under "Application documents".
Du kan dokumentera engelske språkkrav ved ei stadfesting frå instituttet dersom du kan vise til karakteren 4 eller høgare i engelsk frå videregåande skule.
Kva emne kan eg ta
I utgangspunktet skal du studere økonomi, men det kan og vere mogleg å ta andre emne i ulike fagfelt og språkkurs. På denne nettsida finn du en oversikt over kva emnar LUT University tilbyr. Sjå under "Where can I find the course catalogues for exchange students?".
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.lut.fi/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb8364
- FagnavnØkonomi