Hjem
Studentsider
erasmus+

Södertörns högskola og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+)

  • LandSverige
  • ByHuddinge
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar som går på bachelor- eller masterprogrammet i nordisk språk og litteratur. Andre interesserte kan òg søkje.

Du må ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile perioden du er på utveksling. I tillegg må du ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar:

Etter at du har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen din. Vi tilrår at du reiser ut i 4, 5 eller 6 semester.

Masterstudentar:

Vi tilrår utreise i 2. semester

Språk

Svensk (ev. andre skandinaviske språk) og engelsk.

Kva emne kan eg ta

På denne avtalen kan du ta emne innanfor nordisk litteratur/litteraturvitenskap.

Bachelorstudentar:

Det er som oftast mogleg å reise på utveksling og ta anten emne i spesialiseringa eller frie studiepoeng.

Emne i spesialiseringa

Dersom du vil ta emne som skal inngå som ein del av spesialiseringa di, altså erstatte eit emne du skulle tatt ved UiB, så er det viktig at du finn emne som i stor grad er likt som det emnet du skulle tatt ved UiB. Vi vi råde deg til å samanlikne både emneomtale og litteraturlister, for å sjå om innhald og læringsutbyte er nokolunde det same. Det er viktig at du finn eit emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Dette kan studiekonsulent for studieprogrammet ditt hjelpe deg med.

Frie studiepoeng

Dersom du skal ta frie studiepoeng medan du er på utveksling, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som denne avtalen gjeld for.

Masterstudentar:

Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Ta kontakt med din studierettleiar for meir informasjon.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Informasjon