Hjem
Studentsider
erasmus+

The University of Dublin, Trinity College og Institutt for geovitenskap (ERASMUS+)

  • LandIrland
  • ByDublin
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar på bachelor- og masterprogramma i geovitskap. Andre interesserte kan òg søke, men blir prioriterte etter geovitskapstudentane. Avtalen kan og benyttast av lektorstudenter som har geovitskap som eitt av sine fag.

Det er eit krav at søkaren må ha karaktersnitt på C eller betre for å bli nominert til ein av Institutt for geovitskap sine Erasmus+-avtalar. Nokre universitet kan ha krav om høgare karaktersnitt enn dette.

Når i studiet kan eg reise

Etter at ein har avlagt 60 studiepoeng, kan ein tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. For studentar på bachelorprogrammet i geovitskap passar det best å legge utvekslingsopphaldet til 6. semester. Det er krav om at du må ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling.

Språk

Undervisningsspråket ved Trinity College Dublin, The University of Dublin er engelsk.

Som Erasmus-student er det normalt ikkje naudsynt å ta språktest i engelsk før utanlandsopphaldet, så framt du har karakteren 4 eller betre i engelsk frå vidaregåande skule. Nokre lærestader krev imidlertid dokumentasjon på språkkunnskapar. I so fall vil du få beskjed om dette.

Dersom du ikkje har nok engelskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Kva emne kan eg ta

Studentar som reiser ut på denne avtalen studerer ved the Department of Geology. Her kan ein velje blant en rekke emner på bachelornivå, med undervisning på engelsk. Meir informasjon om utvekslingsprogrammet ved Trinity College Dublin, The University of Dublin, og oversikt over kurstilbodet, finn du på universitetet sine heimesider.

Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med studieveileder@geo.uib.no.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Informasjon