Hjem
Studentsider
erasmus+

The University of Dublin, Trinity College og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+)

  • LandIrland
  • ByDublin
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Bachelorstudentar i språkvitskap: Dersom du skal ta emne som skal inngå i spesialiseringa di, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande emne i språkvitskap ved UiB. Det er lettast å finne emne som kan innpassast på 200-nivå. Ver merksam på, at dersom du skal ta 200-nivå på utveksling, må du velje emne som har semesteroppgåve eller tilsvarande vurderingsform på (til saman) minimum 10 studiepoeng. Dersom du skal ta emne som frie studiepoeng i ein bachelorgrad, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i språkvitskap: Det passar best å reise på utveksling i femte eller sjette semester av bachelorprogrammet. Det er tilrådeleg å ta emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivå enn på 100-nivå.

Masterstudentar i lingvistikk: Det passar best å reise på utveksling i andre semester av masterprogrammet.

Studentar på andre bachelorprogram: Undersøk med studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er engelsk.

Kva emne kan eg ta

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma i språkvitskap/lingvistikk og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor lingvistikk medan dei er på utveksling.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling. Studentar på bachelor- eller masterprogram i språkvitskap/lingvistikk blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn det er plassar.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Informasjon