Hjem
Studentsider
bilateral

Moscow State University named after M.V. Lomonosov og Det humanistiske fakultet (BILATERAL - bilateral)

  • LandRussland
  • ByMoskva
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar ved Det humanistiske fakultet, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor humanistiske fag. Det er eit krav at du må ha tatt minst 60 studiepoeng før avreise. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Undersøk med studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta reise på utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er russisk, men universitetet tilbyr også ein del kurs på engelsk.

Kva emne kan eg ta

Dersom du skal ta frie studiepoeng som del av bachelorgraden, kan du velje emne fritt innanfor faga som lysast ut for utvekslingsstudentar til MSU. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Ei oversikt over emna ved Statsuniversitetet i Moskva finn du her: Exchange and Visiting Students (msu.ru)

Studieavgift

Avtalen med Moscow State University inneber gjensidig utveksling av studentar med fritak for studieavgift.

Studentar må også semesterregistrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er på utveksling.

Informasjon