Åbo Akademi University og Institutt for økonomi (ERASMUS+)
- LandFinland
- ByTurku
- Studieplassar1
- StudienivåBachelor
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1-2 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Studentar ved Institutt for økonomi kan søke.
Når i studiet kan eg reise
Studentane må ha fullført 60 studiepoeng før avreise. Studentar ved bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi vert råda til å dra på utveksling i 4. semester. Studentar ved profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi vert råda til å dra på utvekslinga i 4. semester.
Språk
Undervisningsspråk er svensk, finsk og engelsk.
Universitetet tilrår at du har språkkunnskapar tilsvarande B2-nivå (CEFR) i engelsk. Om du søkjer om å ta kurs på svensk, tilrår universitetet at du har språkkunnskapar tilsvarande B2-nivå (CEFR) i svensk. Universitetet krev språktest i svenskfør studiestart, sjå krav under "Course language and prerequisites".
Kva emne kan eg ta
I utgangspunktet skal du studere økonomi, men det kan og vere mogleg å ta andre emne i ulike fagfelt og språkkurs. På denne nettsida finn du ein oversikt over kva emnar Åbo Akademi University tilbyr.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Åbo Akademi University vart oppretta for hundre år sidan, og er det einaste universitetet med svensk som hovudspråk i Finland. Her finn ein eit breidt utdanningstilbod. Til saman er det 5 500 studentar i dei to campusbyene Turku (kalla Åbo på svensk) og Vaasa. Med ein internasjonal atmosfære og gamle studenttradisjonar, kan du få praktisert både finsk og svensk under opphaldet.
Åbo ligg sørvest i Finland. Byen blei grunnlagt på 1200-talet og er Finlands eldste by. Han har om lag 180 000 innbyggarar, og rundt 5,5 prosent av dei er svenskspråklege. Med om lag 35 000 studentar, blir Åbo sett på som den beste studentbyen i landet. Åbo er Finlands offisielle juleby, og er kjend som vertskap for ein årleg middelaldermarknad og Skandinavias eldste rockefestival, Ruisrock.
Bustad
Ein kan søke om studentbustad gjennom universitetet, og det er lurt å søke tidleg, då det er stor pågang. Les på nettsidene til Åbo Akademi University for meir informasjon.
Semesterinndeling
Haustsemester: august - desember
Vårsemester: januar til mai/juni/juli (varierer etter studieprogram)
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.abo.fi/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb8361
- FagnavnØkonomi