Hjem
Studentsider
bilateral

Meiji University og Det humanistiske fakultet (BILATERAL - bilateral)

  • LandJapan
  • ByTokyo
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeBilateral

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen er først og fremst for studentar som studerer japansk.

Du må ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile perioden du er på utveksling. I tillegg må du ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har bestått eksamnar tilsvarande 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. For bachelorstudentar tilrår vi utveksling i 4. og/eller 5. semester, når du kan ta emne som frie studiepoeng.

For bachelorstudentar i japansk tilrår vi utreise frå midten av 4. semester til midten av 6. semester.

Språk

Meiji University krev dokumentasjon på engelskkunnskaper.

TOEFL iBT med resultat 80 eller høgare, IELTS med resultat 6,0 eller høgare. Meld deg på ein test i god tid, slik at du har resultatet før du søker opptak til Meiji University, (september for utreise vårsemesteret eller februar for utreise haustsemester).

Undervisinga ved Meiji University er på japansk. Universitetet tilbyr òg nokre emne på engelsk.

Kva emne kan eg ta

Universitetet tilbyr Japanese Language Program som i hovudsak er eit språkkurs, men som òg inkluderer temaførelesingar om japansk samfunn, kultur, litteratur, historie, livsstil og lingvistikk. Programmet har fininndelte nivå i japansk. Alle studentar må ta ein placement test i byrjinga av opphaldet. Resultatet frå språkprøva vil avgjere kva for emne du kan velje mellom.

I tillegg tilbyr universitetet fleire engelskspråklege emne. Utvekslingsstudentar kan ta ein kombinasjon av språkemne og ordinære engelskspråklige emne. Dersom ein har tilstrekkelege språkkunnskapar kan ein i tillegg òg følge ordinære emne på japansk.

Eit fulltidsstudium ved dette universitetet utgjer 15 lokale credits per semester

Studieavgift

UiB har ein utvekslingsavtale med Meiji University som inneber at vi kan få 2 friplassar kvart år, forutsett at dei òg sender studentar til oss.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Meiji University blei grunnlagt i 1881 som Meiji Law School. Grunnleggarane var ei gruppe unge juristar som var inspirert av tidsanda og ei trong til å utvikle Japan til ein moderne og sjølvstendig nasjon. Det private universitetet er i dag ranka blant dei beste universiteta i Japan, og har 10 fakultet (eller 'schools') på lågare nivå og 16 på master- og profesjonsnivå.

Hovudcampus er Surugadai Campus, men universitetet består også av campusane Izumi, Ikuta og Nakano.

Tokyo er hovudstad i Japan og har meir enn 13 millionar innbyggarar. Det er ein fasinerande by som imponerer med sin tradisjonelle kultur og lidenskap for alt som er nytt.

Bustad

Ein kan søke om studentbustad gjennom universitetet.

Semesterinndeling

Semesterinndelinga følger det japanske studieåret. Studieåret startar i april, og vårsemester går frå byrjinga av april til slutten av juli, medan haustsemesteret går frå september til februar.

Informasjon