Hjem
Studentsider
bilateral

Sungkyunkwan University og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandSør-Korea
  • BySeoul
  • AvtaletypeBilateral

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen er i utgangspunktet open for alle UiB-studentar, gitt at ein kan finne emne som passar med studieplanen. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB før avreise.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved ditt institutt/fakultet for informasjon om utveksling og når det passar å reise ut.

Språk

Undervisninga er på koreansk og engelsk. Dersom ein skal studere fag innan Business Administration må ein vise til ein engelsktest (TOEFL eller IELTS) i søknaden til Sungkyunkwan. For andre fag er det ikkje påkrevd å vise dokumentasjon for engelskkunnskapar.

Kva emne kan eg ta

Sungkyunkwan University er eit breiddeuniversitet med eit tilbod innan mange fagområde (men diverre ikkje innan medisin og juss for utvekslingsstudentar - det varierer også kva tilbod dei har innan naturvitskap). Sjekk emnelista for meir informasjon: Sungkyunkwan University | International | Study at SKKU | Inbound Exchange / Visiting Program | Course Information

Studieavgift

UiB får eit visst antal friplassar (plassar utan skulepengar) ved Sungkyunkwan kvart semester, så lenge Sungkyunkwan sender studentar til UiB.

Utover dette må ein kjøpe Korean Health Insurance på om lag 50 000 KRW per månad (beløp frå 2022).

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Sungkyunkwan University vart grunnlagt allereie i 1398, og er i dag eit innovativt forskingsuniversitet med kring 25.000 studentar. Det er eit breiddeuniversitet med studietilbod innan dei fleste fagområde, og mange kurs går på engelsk.

Seoul er hovudstaden i Sør-Korea. Byen ligg ved Hanelva og har rundt 10 millionar innbyggarar. Den er rekna som ein av verdas ti viktigaste finanshovudsete, og nokre av verdas største industriselskap, som for eksempel Samsung, LG og Hyundai-Kia, har sine hovudkontor her.

Bustad

Ein kan søke om studentbustad gjennom universitet, og ein får informasjon om dette i løpet av søknadsprosessen.

Semesterinndeling

Vårsemester: slutten av februar til byrjinga av juni

Haustsemester: slutten av august til byrjinga av desember

Grønt område på campus
Foto/ill.:
© Sungkyunkwan University

Informasjon