Hjem
Studentsider
erasmus+

Universitat Ramón Llull og Det juridiske fakultet (ERASMUS+ - ESADE 5. studieår)

  • LandSpania
  • ByBarcelona
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studieåret 2024/2025 kan denne avtalen nyttast av studentar på siste studieår i masterstudiet i rettsvitskap (studentar på studieordninga av 2003).

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Språk

Undervisningsspråket er spansk og engelsk.

I haustsemesteret er dei fleste emna på engelsk og nokre emne på spansk, og du kan treng ikkje å kunna spansk for å studere her. I vårsemesteret er det fleire emne på spansk og nokre på engelsk, og du må vere førebudd på å ta nokre av emna på spansk.

Studentar som har oppnådd karakteren 5 eller betre i engelsk frå videregående skule treng ikkje å avleggje TOEFL/IELTS-test.

Universitetet tilbyr spansk språkkurs.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne på siste studieår i masterprogrammet i rettsvitskap (2003-studieordninga).

Ei oversikt over kva emne du kan ta finn du på universitetet sine nettsider. Sjå heilt nedst under Exchange Incoming Students.

Utvalet av engelske emne og emne på masternivå er best i haustsemesteret.

Ramon Llull University nyttar ECTS-systemet, og ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Esade vart oppretta i 1958 og vart ein del av Ramon Llull University då dette vart oppretta i 1990. Det er eit privat universitet med ein særs internasjonal profil. Esade Law School ligg i nabolaget Pedralbes i den øvre delen av Barcelona.

Barcelona er regionshovudstad i den autonome regionen Catalonia og den nest største byen i Spania, med om lag 4,6 millionar innbyggarar, irekna forstadsområda. Verdsbyen er blant anna kjend for storslått arkitektur, eit rikt kulturtilbod og fotballspelarane sine.

Bustad

Universitetet tilbyr ikkje studentbustader men bistår med tips til kvar og korleis ein kan finne bustad.

Semesterinndeling

September til januar og februar til juni.

Informasjon