Universidad San Pablo-CEU og Det medisinske fakultet (ERASMUS+ - Farmasi: Masterprosjekt)
- LandSpania
- ByMadrid
- Studieplassar1
- StudienivåMaster
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1-2 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Avtalen gjeld berre for farmasistudentar. 2 studentar kan reise kvart år. Kva masteroppgåver som er tilgjengelege, blir presentert kvart år i februar.
Når i studiet kan eg reise
Farmasistudentar kan reise på utveksling i sitt 9. og/eller 10. semester.
Språk
Ved CEU San Pablo er undervisningsspråket spansk og engelsk.
Dersom du ikkje har nok spansk- eller engelskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.
Kva emne kan eg ta
Farmasistudentar kan reise til CEU San Pablo i siste år av studiet. Dette året skriv studentane masteroppgåve og tar 15 studiepoeng med valemne. Ein kan ta delar av masteroppgåva i ved CEU San Pablo (minimum 3 månader) eller heile masteroppgåva (10 månader).
Studieavgift
Utvekslingstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
CEU San Paulo er ein del av den største og mest tradisjonelle private utdanningsinstitusjonen i Spania, CEU, grunnlagt i 1933 av Den katolske propagandistforeininga (ACdP). Universitetet har to campus, Moncloa og Montepríncipe og tilbyr studie blant anna innan helse, jus, økonomi, lærarutdanning, humaniora, ingeniørfag og arkitektur. Universitetet har eit internasjonalt preg, med studentar frå over 50 ulike land.
Madrid er hovudstad og den største byen i Spania, med eit folketal på nærare 6,5 millionar i storbyområdet. Byen ligg midt i landet, og utgjer eit viktig knutepunkt for handel og kultur. Opp gjennom tidene har Madrid hatt mykje innvandring frå andre spansktalande land i Latin-Amerika og Afrika.
Bustad
Som internasjonal student kan du enten leige rom på ein av universitetet sine studentheimar, som er tilgjengeleg på begge campus eller leige bustad privat. Universitetet tilbyr hjelp med å finne bustad.
Semesterinndeling
September - januar og februar – juni
Informasjon
- Hjemmeside
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb9878
- FagnavnFarmasi