Hjem
Utdanning
erasmus+

Middlesex University og Institutt for informasjons- og medievitenskap (ERASMUS+)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • ByLondon
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved sv-fakultetet kan søkje på avtalen. Studentar frå medievitskap vert prioriterte.

Avtalen forutsett at studentane er på utveksling eit heilt studieår.

Av den grunn passar ikkje avtalen for studentar i journalistikk eller film- og tv-produksjon.

Når i studiet kan eg reise

Studentar i medievitskap kan reise i 5. og 6.semester.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Middlesex University ligg i Hendon i Nord-London, innanfor dei historiske grensene til grevskapet Middlesex. Det har røter tilbake til 1880-åra, men fekk først universitetsstatus i 1992. Dei 21 000 studentane er inndelt i seks fakultet, og universitetet har òg eit institutt for erfaringsbasert læring. Forutan hovudcampusen i London, har universitetet òg avdelingar i Dubai, Mauritius og Malta.

London er hovudstaden i Storbritannia, og har over åtte millionar innbyggarar. Byen er ein av dei mest besøkte i verda, og har mykje å by på, både museum, parkar, førestillingar, arkitektur, det eldste undergrunnsbanenettverket i verda, musikk, sport, butikkar og kulinariske opplevingar frå alle verdshjørne.

Bustad

Ein kan søke om plass på ein av universitetet sine studentbustader i Nord-London, eller leige bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

Det akademiske året er delt inn i trimester, med forelesingsperiodar og eksamensavvikling i tidsromma september - januar, desember - mars og april - juni.

Flott bygning
Foto/ill.:
© Middlesex University

Informasjon