Hjem
Utdanning
erasmus+

Middlesex University og Det psykologiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • ByLondon
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på eit bachelor eller masterprogram (eller Ph.D.-stipendiatar) ved Det psykologiske fakultet, som har mogelegheit til å reise på utveksling i eit heilt studieår, og som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

Grunna at Middlesex University har emne som går over eit heilt studieår, er det ikkje mogeleg for profesjonsstudentar eller masterstudentar som berre kan reise ut i eitt semester, å reise på utveksling til dette universitetet.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor- og masterstudentar reiser ut i den valfrie delen av studieprogrammet (1 år), eller tilpassar utreisetidspunkt etter kva som passar med emna i utdanningsplanen.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i innhald eller nivå med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

God planlegging er viktig for ei utbyterik utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk.

Språkkrav: C1

Dersom du ikkje har nok engelskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise - sjå UiB.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffa språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Psykologi på lågare og høgare grad (BA/MA/PHD) avhengig av emnetilbod og krav til forkunnskapar.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden din. 

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Middlesex University ligg i Hendon i Nord-London, innanfor dei historiske grensene til grevskapet Middlesex. Det har røter tilbake til 1880-åra, men fekk først universitetsstatus i 1992. Dei 21 000 studentane er inndelt i seks fakultet, og universitetet har òg eit institutt for erfaringsbasert læring. Forutan hovudcampusen i London, har universitetet òg avdelingar i Dubai, Mauritius og Malta.

London er hovudstaden i Storbritannia, og har over åtte millionar innbyggarar. Byen er ein av dei mest besøkte i verda, og har mykje å by på, både museum, parkar, førestillingar, arkitektur, det eldste undergrunnsbanenettverket i verda, musikk, sport, butikkar og kulinariske opplevingar frå alle verdshjørne.

Bustad

Ein kan søke om plass på ein av universitetet sine studentbustader i Nord-London, eller leige bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

Det akademiske året er delt inn i trimester, med forelesingsperiodar og eksamensavvikling i tidsromma september - januar, desember - mars og april - juni.

Informasjon