Hjem
Utdanning
erasmus+

Manchester Metropolitan University og Kjemisk institutt (ERASMUS+)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • ByManchester
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld og er tilrettelagt for studentar som går på bachelorprogram i kjemi.

UiB må nominere studentar som ønsker å reise på utveksling. Informasjon om gjeldande minimumskrav for nominasjon finn du her: http://www.uib.no/utdanning/48724/reise-p%c3%a5-utveksling . Dersom fleire studentar ønsker å reise ut i same semester, vil kandidatane bli rangerte etter karakterar innanfor 60 studiepoeng.

Når i studiet kan eg reise

Avtalen er tilrettelagt for studentar som går på bachelorprogram i kjemi, og for utvekslingsopphald i 3. og 4. semester av studieprogrammet.

NB: Sjå også informasjon under «Kva emne kan eg ta?»

Språk

Krav til språkdokumentasjon

Det er ikkje krav om å legge ved språkdokumentasjon når ein skal søke om opptak til studieplass ved MMU, men universitetet føreset at UiB berre nominerer studentar som har språkkvalifikasjonar på

minimum nivå B2 etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse.

Dette innebér at studenten skal kunne:

  • forstå hovudbodskapen i ein kompleks tekst om abstrakte og konkrete tema, inkludert tekniske diskusjonar innanfor studenten sitt fagfelt.
  • kommunisere flytande, spontant og enkelt med andre som har språket som morsmål.
  • skrive klare og detaljerte tekstar om ei rekke ulike tema, og forklare eit gitt synspunkt, og fordelar og ulemper om eit gitt tema.

Språkkurs

MMU har tilbod om språkkurs for internasjonale studentar: http://www2.hlss.mmu.ac.uk/languages/english/english-language-services-for-international-students-elsis/

Kva emne kan eg ta

Ver merksam på at det er obligatoriske emne i 4. og 5. semester av bachelorstudiet i kjemi som må dekkast inn under utvekslingsopphaldet.

Alle emne ved MMU går over to semester, og ein kan derfor ikkje reise på utveksling for kun eitt semester til MMU. Studentane må følge alle emna som ligg i 2. studieåret på bachelorprogram i kjemi ved MMU. Studentane tek følgande emne medan dei er på utveksling:

  • Analytical Techniques (15 ECTS) gir fritak for KJEM250
  • Inorganic and organic synthesis (15 ECTS) gir fritak for KJEM122 og KJEM131
  • Physical and Inorganic chemistry (15 ECTS) gir fritak for KJEM210
  • Eitt av av emna: Biological processes and pharmaceutical chemistry (15 ECTS) eller Natural Resources and Pollution (15 ECTS)

NB: Studentane må ta følgande emne siste året ved UiB for å fullføre bachelorgraden i kjemi:

Haustsemesteret: KJEM120, PHYS101/VAL, Eit fritt valemne.
Vårsemesteret: KJEM299, PHYS102, KJEM140.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Manchester Metropolitan University (MMU) er eit av dei største universiteta i Storbritannia, med om lag 34 500 studentar. Det har røter tilbake til starten av 1800-talet, men fekk først universitetsstatus i 1992. Universitetet har åtte fakultet, irekna Manchester School of Art og åtte forskingsinstitutt. Størsteparten av universitetet ligg fordelt på fem campusar i Manchester by, medan to ligg i grevskapet Cheshire.

Manchester ligg nordvest i England og har over ein halv million innbyggarar. Stor-Manchester har heile 2,5 millionar innbyggarar. Byen var ein av dei som leidde an under den industrielle revolusjonen, og er i dag blant anna kjend som ein medieby. Manchester har òg eit rikt musikkmiljø. Byen har to symfoniorkester, eit kammerorkester, og har fostra band som Joy Division, Oasis og The Smiths.

Bustad

Universitetet hjelper utvekslingsstudentar med å finne bustad, enten ved ein av universitetet sine studentbustader, på den private marknaden eller hos ein vertsfamilie. Nye studentar blir oppmoda om å søke bustad tidleg.

Semesterinndeling

Det akademiske året er delt inn i trimester, med forelesingsperiodar og eksamensavvikling i tidsromma september - desember, januar - mars og april - juni.

Flott bygning
Photo:
© Manchester Metropolitan University

Informasjon