Hjem
Studentsider
erasmus+

European University Cyprus og Institutt for klinisk odontologi (ERASMUS+ - Nikosia: Clinical rotation kull 5 odontologi)

  • LandKypros
  • ByNicosia
  • Studieplassar3
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen er det kun mogeleg for studenter ved integrert master i odontologi å søkje på.

Når i studiet kan eg reise

Ein søkjer opptak til utveksling i byrjinga av 8. semester, medan sjølve utvekslingsperioden er 3 månader i 9. semester (haust).

Språk

Undervisningsspråket ved lærestaden er engelsk.

Kva emne kan eg ta

Denne utvekslingsavtalen er i hovudsak tilrettelagt for klinisk teneste på ulike fagområde. Utvekslinga er tilpassa den siste delen (9. semester) av profesjonsstudiet integrert master i odontologi, der du jobbar relativt sjølvstendig i tannklinikken. I den grad det er mogeleg, kan du òg delta på teoriundervisning. Du tar eksamen ved UiB saman med kullet ditt når du er ferdig med utvekslingsopphaldet. Du er sjølv ansvarleg for å halde deg oppdatert på pensum til eksamen, og å halde kontakt med fagmiljøet heime.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Informasjon