Hjem
Studentsider
bilateral

Nagoya University og Det humanistiske fakultet (BILATERAL)

  • LandJapan
  • ByNagoya-shi
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen er meint for studentar som studerer japansk. Søkarar frå andre fagområde blir vurdert dersom det er ledige plassar.

Nagoya University vil som regel kreve at studentane har minimum karakteren C i snitt for å få opptak.

Du må ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile perioden du er på utveksling. I tillegg må du ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har bestått eksamnar tilsvarande 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen.

For bachelorstudentar tilrår vi utveksling i 4. og/eller 5. semester, når du kan ta emne som frie studiepoeng.

For bachelorstudentar i japansk tilrår vi utreise frå midten av 4. semester til midten av 6. semester.

Språk

Nagoya University tilbyr nokre emne på engelsk. Fakultetet tilbyr Japanese Language Courses på forskjellige nivå.

Kva emne kan eg ta

Nagoya Univeresity tilbyr over 800 kurs på engelsk og mange fleire på japansk.

https://nupace.iee.nagoya-u.ac.jp/en/academic/overview.html

Studieavgift

UiB har ein utvekslingsavtale med Nagoya University som inneber at vi kan få 2 friplassar kvart år, forutsett at dei òg sender studentar til oss.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Nagoya University er eit leiande nasjonalt universitet med i underkant av 16 000 studentar. Det har ni fakultet på lågare nivå og tretten på master- og profesjonsnivå. Universitetet blei grunnlagt i 1939 som eitt av dei keisarlege universiteta, og er kjent for sine framifrå bidrag innan fysikk og kjemi.

Nagoya University tilbyr fleire utvekslingsprogram for internasjonale studentar, mellom anna Nagoya University Program for Academic Exchange (NUPACE). Dette utvekslingsprogrammet, som varer i fire til tolv månader, har teke imot over 2300 studentar frå 155 institusjonar, og tilbyr ei rekkje kurs på engelsk og japansk.

Universitetet ligg i Nagoya, ein by i den sentrale delen av Japan. Campus er frodig og grøn, og ligg nær Higashiyama-parken.

Bustad

Det finst fleire studentheimar der studentar kan bu. Nokre er reint internasjonale, medan andre har ein miks av japanske og internasjonale studentar.

Semesterinndeling

Semesterinndelinga følger det japanske studieåret. Studieåret startar i april, der vårsemesteret går frå april til juli, medan haustsemesteret strekker seg frå oktober til februar.

Informasjon