Hjem
Studentsider
bilateral

University of the Western Cape og Institutt for politikk og forvaltning (BILATERAL)

  • LandSør-Afrika
  • ByBellville
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeBilateral

Hovedinnhold

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

UWC ble oppretta i 1960 av det sørafrikanske parlamentet som eit etnisk college for farga studentar. Sidan den gong har det klart å endre seg frå å vere ein liten utdanningsinstitusjon under apartheidregimet til eit internasjonalt anerkjent universitet. Studenttalet ligg i dag på rundt 10 000, inkludert om lag 200 internasjonale studentar. Høgaregradsstudentar utgjer ein femtedel av den totale studentmassen.

Universitetet ligg i Bellville, i Western Cape-provinsen, i Sør-Afrika. Bellville har rundt 115 000 innbyggarar og var opphaveleg grunnlagt som ein togstasjon på vegen mellom Stellenbosch og Strand. Universitetsområdet ligg ein 30 minutts køyretur med bil frå Cape Town.

Bustad

Det er dessverre ikkje mogeleg for UiB-studentar å bu på campus, men det internasjonale kontoret ved UWC kan hjelpe til med å finne vertsfamiliar (home-stays) i gåavstand til campus. Dei fleste vel å finne bustad på eiga hand i sentrum av Cape Town og pendle med eigen bil eller shuttle-minibuss til og frå campus.

Semesterinndeling

Det akademiske året er delt opp i to semester. Haustsemesteret varer frå midten av juli til slutten av november, og vårsemesteret varer frå byrjinga av januar til byrjinga av juni.

Informasjon