Al-Farabi Kazakh National University og Det juridiske fakultet (ERASMUS+ICM - Erasmus+ ICM - 3. studieår)
- LandKasakhstan
- Studieplassar3
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeErasmus+icm
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Denne avtalen kan nyttast av studentar på tredje studieår av masterprogrammet i rettsvitskap.
For å kvalifisere til studier ved KazNU må ein ha eit karaktersnitt på minst C eller betre.
Når i studiet kan eg reise
Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.
I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.
Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.
Språk
Det vanlege undervisningsspråket er russisk og kasakhisk, men universitetet tilbyr òg fleire emne på engelsk, slik at du ikkje treng å kunne russisk eller kasakhisk for å reise på utveksling til KazNU. Studentar som har oppnådd karakteren 4 eller betre i engelsk frå vidaregåande skule, treng ikkje å avleggje TOEFL/IELTS-test.
Kva emne kan eg ta
Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godkjente som valemne på 3. studieår.
Du kan velje mellom emne på både bachelor- og masternivå ved Al-Farabi Kazakh National University. Kurstilbodet som er oppført på nettsidene, kan variere frå det som faktisk er tilgjengeleg for utvekslingsstudentar. Du kan ta kontakt med fakultetet for å få ei oversikt. Informasjon om emnetilbod og emneskildringar finn du elles på nettsidene til universitetet.
KazNU nyttar ECTS-systemet, og eitt ECTS-poeng svarar til eitt studiepoeng.
Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB eller på utveksling.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men denne Erasmus+ ICM-avtalen gir heller ikkje Erasmus-stipend, då Erasmus+ ICM midlane berre er sette av til innreisande studentar fra KazNU til UiB.
Studentar må registrere seg og betale semesteravgift ved UiB i heile utvekslingsperioden.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Al-Farabi Kazakh National University (KazNU) blei grunnlagt i 1934 og er eit av dei leiande universiteta i Kasakhstan. Universitetet har om lag 20 000 studentar og tilbyr eit breitt spekter av studium innan både naturvitskap, samfunnsvitskap og humanistiske fag. KazNU legg vekt på forsking, innovasjon og internasjonalt samarbeid, og har utvikla eit studiemiljø som kombinerer regionale tradisjonar med globale perspektiv. Campus ligg i Almaty, omgitt av grøne område ved foten av Tian Shan-fjella.
Almaty er den største byen i Kasakhstan, med rundt 2 millionar innbyggarar. Byen er kjend for si vakre plassering nær fjellandskap, samt eit rikt kultur- og studentliv. Studentar som reiser til Almaty, vil oppleve ein livleg by med kafear, museum og gode moglegheiter for friluftsliv, samtidig som dei får innsikt i ein spennande kultur som bind saman austlege og vestlege impulsar.
Bustad
Opphald på campus er avgrensa og blir prioritert for fullgradsstudentar. Utvekslingsstudentar får tilbod om bustad dersom det er ledig kapasitet. Elles må dei ordne privat bustad sjølve.
Semesterinndeling
Augsut - desember og januar - mai.
Informasjon
- Hjemmesidehttps://www.kaznu.kz/en
- Korleis søkeRettleiing om søknadsprosess
- KodeIkkje søkbar
- FagnavnJuridiske fag