Hjem
Utdanning
erasmus+

Universität Salzburg og Institutt for informasjons- og medievitenskap (ERASMUS+)

  • LandØsterrike
  • BySalzburg
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar ved Infomedia på bachelor-, master- og PhD-nivå. Andre interesserte studentar kan òg søke, men blir prioriterte etter instituttets eigne studentar. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har tatt 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. For bachelorstudentar i medievitskap tilrår vi utveksling i 4., 5. eller 6. semester, når du kan ta emne som frie studiepoeng. Bachelorstudentar i film/tv-produksjon og i journalistikk kan dra ut i 4.semester, medan studentar i nye medier kan dra ut i 5.semester.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er tysk og engelsk Det er ikkje krav om dokumentasjon av språkkunnskapar.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Salzburg blei grunnlagt i 1622 av prins og erkebiskop Paris Lodron. Det var opphaveleg basert på eit nettverk av 33 benedikterkloster i Austerrike, Tyskland og Sveits. Universitetet har stadig eit eige fakultet for katolsk teologi, i tillegg til fakultet for rettsvitskap, naturvitskap og kultur- og samfunnsvitskap. Av totalt 18 000 studentar er om lag ein tredjedel frå utlandet. Universitetet har to campusar. Det eine ligg i gamlebyen i Salzburg og det andre nær elva Salzach.

Salzburg ligg ved grensa mot Tyskland, nord i Austerrike og er den største byen i regionen med same namn. Han har om lag 150 000 innbyggarar og er best kjent som fødebyen til den kjente komponisten Wolfgang Mozart. Byen ligg ved foten av Alpane, og er prega av eit alpint innlandsklima, med relativt varme somrar og kalde vintrar. Musikalen The Sound of Music var spelt inn i Salzburg.

Bustad

Universitetet har ingen eigne studentbustader, men oppmodar internasjonale studentar om å ta kontakt med den lokale studentsamskipnaden eller Austrian Exchange Service (OeAD) for meir informasjon om kva moglegheiter som finst.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Informasjon