Hjem
Utdanning
erasmus+

Universität Salzburg og Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap (ERASMUS+)

  • LandØsterrike
  • BySalzburg
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar med gyldig studierett på bachelorprogrammet i historie. Studieretten må være gyldig i heile den perioden du er på utveksling.

Andre interesserte studentar kan og søke, men blir prioriterte etter historiestudentane i fall det er fleire søkarar enn ledige plassar.

Det er krav om at du må ha tatt minst 60 studiepoeng før du reiser på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Etter at ein har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng, kan ein tilpasse utreisetidspunktet etter kva som elles passar med emna i utdanningsplanen. God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisingsspråka ved universitetet er tysk og engelsk.

Dersom du ikkje har nok tysk- og engelskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av både vidare i studia og i yrkeslivet.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Du kan enten ta delar av spesialiseringa di, eller du kan velje emne som skal inngå som frie studiepoeng i graden ved dette universitetet.

Ønsker du å ta delar av spesialiseringa di i utlandet må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande eitt eller fleire spesifikke emne ved UiB. Vel du å ta frie studiepoeng kan du velje fritt mellom dei akademiske emna universitetet tilbyr. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt frå før, eller planlegg å ta seinare.

Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med studierettleiar@ahkr.uib.no

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Salzburg blei grunnlagt i 1622 av prins og erkebiskop Paris Lodron. Det var opphaveleg basert på eit nettverk av 33 benedikterkloster i Austerrike, Tyskland og Sveits. Universitetet har stadig eit eige fakultet for katolsk teologi, i tillegg til fakultet for rettsvitskap, naturvitskap og kultur- og samfunnsvitskap. Av totalt 18 000 studentar er om lag ein tredjedel frå utlandet. Universitetet har to campusar. Det eine ligg i gamlebyen i Salzburg og det andre nær elva Salzach.

Salzburg ligg ved grensa mot Tyskland, nord i Austerrike og er den største byen i regionen med same namn. Han har om lag 150 000 innbyggarar og er best kjent som fødebyen til den kjente komponisten Wolfgang Mozart. Byen ligg ved foten av Alpane, og er prega av eit alpint innlandsklima, med relativt varme somrar og kalde vintrar. Musikalen The Sound of Music var spelt inn i Salzburg.

Bustad

Universitetet har ingen eigne studentbustader, men oppmodar internasjonale studentar om å ta kontakt med den lokale studentsamskipnaden eller Austrian Exchange Service (OeAD) for meir informasjon om kva moglegheiter som finst.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Bygg om kvelden
Foto/ill.:
© Universität Salzburg

Informasjon