Hjem

Utdanning

erasmus+

Universität Salzburg og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+)

  • LandØsterrike
  • BySalzburg
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på europastudium har fortrinn på å reise ut gjennom denne avtalen.

Merk at haustsemesteret slutter i januar slik at du planlegg med dette.

Når i studiet kan eg reise

Ein reiser på utveksling i 5 semester på bachelorprogrammet i europastudium. Sjå Mitt UiB for meir informasjon om utveksling på europastudium.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er tysk og engelsk. Det er anbefalt at ein har forkunnskapar i minst eitt av språka tilsvarande B2-nivå etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse (CEFR).

Det er ein fordel å ha grunnleggande kunnskapar i tysk. Institusjonen tilbyr språkkurs til innreisande studentar.

Kva emne kan eg ta

Department of Political Science ved lærestaden tilbyr eit breitt spekter av statsvitskapelege emne på tysk og engelsk. Instituttet underviser innanfor fagområda «Political Theory (pol. Philosophy), Comparative Politics (and Policies), Austrian Politics (in a comparative European and international perspective), International Relations and Politics of the European Union». Det er og mogleg å ta tysk språkkurs.

denne nettsida finn du informasjon for innreisande studentar og ei oversikt over emnetilbodet ved universitetet.

Ein fulltidsstudent skal ta 30 ECTS per semester. Emna er typisk på 6 ECTS slik at du skal ta 5 emne total. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Salzburg blei grunnlagt i 1622 av prins og erkebiskop Paris Lodron. Det var opphaveleg basert på eit nettverk av 33 benedikterkloster i Austerrike, Tyskland og Sveits. Universitetet har stadig eit eige fakultet for katolsk teologi, i tillegg til fakultet for rettsvitskap, naturvitskap og kultur- og samfunnsvitskap. Av totalt 18 000 studentar er om lag ein tredjedel frå utlandet. Universitetet har to campusar. Det eine ligg i gamlebyen i Salzburg og det andre nær elva Salzach.

Salzburg ligg ved grensa mot Tyskland, nord i Austerrike og er den største byen i regionen med same namn. Han har om lag 150 000 innbyggarar og er best kjent som fødebyen til den kjente komponisten Wolfgang Mozart. Byen ligg ved foten av Alpane, og er prega av eit alpint innlandsklima, med relativt varme somrar og kalde vintrar. Musikalen The Sound of Music var spelt inn i Salzburg.

Bustad

Universitetet har ingen eigne studentbustader, men oppmodar internasjonale studentar om å ta kontakt med den lokale studentsamskipnaden eller Austrian Exchange Service (OeAD) for meir informasjon om kva moglegheiter som finst.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Bygning i kveldsmørket
Foto:
© Universität Salzburg

Informasjon